Brettande barn gir billegare skulemjølk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor leverte barnehagar og skular inn over 40 millionar mjølkekartongar. Dei gode kjeldesorteringsvanane gjer at miljøavgifta på skulemjølk blei fjerna frå 1. juli.

Kor stor miljøavgifta på drikkevareemballasjen er, avheng nemleg av kor flinke forbrukarane er til å kjeldesortere. Fordi nordmenn stadig kjeldesorterer meir, minkar avgiftene kvart år.

2011 var eit rekordår for gjenvinning. For første gong blei det returnert så mykje mjølkekartongar at miljøavgifta frå styresmaktene – som i dag ligg på 7 øre per kartong – forsvinn heilt, ifølgje resirkuleringsverksemda Grønt Punkt Norge. Selskapet driftar blant anna returordningane for drikkekartong i Noreg.

I tillegg til at miljøavgifta blei fjerna på skulemjølk, blei ho også fjerna på drikkekartongar og drikkevareemballasje i plast med pant. (©NPK)

Les òg: Byter frå melk til mjølk