Fleire enn før går seg ville på fjellet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå hovudredningssentralane i Sør- og Nord-Noreg viser bortimot ei dobling av talet på menneske som har gått seg ville frå 2001 til 2011.

I 2001 måtte Hovudredningssentralen samla hente heim 158 personar, tilsvarande tal ti år seinare var 284, skriv Nationen.

– Eg trur det heng saman med at vi stolar blindt på nye tekniske verkemiddel og gløymer at vi kan gå tomme for straum, seier sjef i Kartverket, Anne Cathrine Frøstrup.

Sjefen i Kartverket meiner det er mange grunnar til at alle også bør ha med seg eit papirkart.

– Det er ikkje berre straumtap som er problemet med dei tekniske kartløysingane. Displayet på papirkart er større enn på ein GPS, på ein GPS kan du lett sjå kvar du er, men du ser ikkje så godt kvar du skal, seier ho.

Hovudredningssentralen Nord-Noreg stadfestar at fleire har behov for assistanse ute i naturen.

– Per 30. juni har vi hatt 91 hendingar der vi har leita etter ein sakna person. I tillegg har vi assistert 119 personar. Det er ein liten auke frå i fjor, seier Anne Holm Gundersen i Hovudredningssentralen Nord-Noreg.

Ho meiner auken dei siste åra truleg kjem av at fleire ferdast i naturen. (©NPK)