Spennande melding om oljerettar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For åtte år sidan blei Torbjørn Veslehaug vesttele då han kjøpte hus og busette seg i området ved Søftestad gruver i Nissedal. Nyleg dukka det opp eit brev i posten der innhaldet blei ei stor overrasking.

Veslehaug visste ikkje om at far hans og dei to syskena hadde ein onkel som var ungkar og dreiv ein stor gard i Nord-Dakota. Då onkelen blei gamal, selte han garden, men valte å behalde olje- og gassrettane på eigedomen.

Det er ikkje bare Veslehaug som no har fått melding om overtaking av olje- og gassrettane. Også mellom anna dei tri andre syskena hans busett på Austlandet kan vente seg inntekter frå «junaiten» i nær framtid.

20 øre literen
Dei som arvar rettane har fått melding om at det snart blir utbetalt ein eingongssum på 15.000 dollar for borerettane i ein triårsperiode på eigedomen i Nord-Dakota. Vidare vil kvar av dei som har rettar få 20 øre literen av oljen som blir tatt opp.

– Dei byrja å bore før dei hadde fått løyve frå oss, men det blei sett advokatar på saka. Dessutan har bror min jobba mykje med ho. Me fekk fyrst tilbod om 10.000 dollar kvar i eingongssum, seier Veslehaug til VTB.

Han har høyrt at produksjonen er i gang, men veit ikkje noko om oljemengda som kan bli tatt opp dagleg. Sjølv om det i utgangspunktet kan verke lite med 20 øre literen, blir det fort pengar av det om oljefat etter oljefat blir fylte.

– Dette er veldig spennande. Eg veit aldri kor mykje pengar eg får. Det kan bli mykje, men treng ikkje bli det heller. Dessutan blir det spennande å sjå om eg får oversendt pengar så lenge eg lever, seier Veslehaug, og lurar på om triårskontrakten i Nord-Dakota kjem til å bli forlenga.

– Så no er du blitt ein liten oljesjeik?

– Eg føler meg ikkje som ein liten oljesjeik. Det er for tidleg. Men det har litt å seie at ein har oljerettar, svarar Veslehaug med eit smil.

I tillegg til at han kjem til å leve i spenning i saka framover, ser han også moglegheiter.

– Eg veit jo ikkje heilt kva som skjer framover, men ein kontrakt er ein kontrakt. Dette er spesielt for meg, og eg blir i godt humør av å tenkje på det. Det er ikkje så dumt å ha familie i USA, seier Veslehaug.

Les saka i VTB