Sakshandsaminga tok 57 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei pinleg sak for Voss kommune, var kollega Tove Østlie (Sp) si vurdering. – 57 år har ho teke. No lyt me berre få saka ut or verda.

Hustveit gard
Saka hadde utgangspunkt i eit vedtak frå 1952, då garden Hustveit (gnr/bnr 74/1) vart overført frå David A. Hustveit til Voss Herad (!).

Skøytet hadde då fylgjande påskrift: «Om nokon av dei næraste slektningane mine på farsida skulle ynskja å få ei hyttetuft på garden, skal det vera høve til det, men denne retten skal avgrensast til berre den eine tufti og dei som har tenkt å nytta seg av denne retten må segja ifrå til den nye eigaren innan 10 år.».

Tre år seinare, i 1955, vart retten hevda overfor kommunen. Altså godt innanfor fristen på ti år.

Lang dags ferd
Men deretter skjedde absolutt ingenting. Ikkje før i 1992!

Då vart saka handsama i formannskapsmøte, 10. november ifylgje sakspapira, og fylgjande vedtak vart fatta: «Formannskapet erkjenner at retten til ei hyttetomt er intakt. Rådmannen blir beden om å ta kontakt med rettshavaren».

Ikkje mindre enn to år seinare, i 1994, vart møtet gjennomført. Ynskt plassering av hyttetomta vart avklara, og i tillegg vart teknisk sjef beden om å iverksetja frådeling. Men: deretter gjekk det nye 11 år utan at nokon ting som helst skjedde.

Erstatningskrav
I 2005 kom det så brev til Voss kommune, frå advokat Torgils Bryn, der kravet om frådeling vart fremja på ny.

Voss kommune stadfesta då at retten stod ved lag, men at det var vanskeleg å gje dispensasjon frå gjeldande kommuneplan. Saka vart difor skyvd over i haugen av plansaker som skulle handsamast ved neste rullering av kommuneplanen. Og der fekk ho seg endå ein lang pause.

På nyåret 2011 kom det på ny brev frå advokat, der status på frådelingssaka vart etterlyst.

I mars i fjor vart det så halde møte mellom partane – der konklusjonen var at frådelinga måtte skrinleggjast, men at kommunen sa seg villig til å betala erstatning, om eit krav vart framsett. Kravet kom 16. juni i fjor, og lydde på 300.000 kroner.

Får 300.000,-
– Som ein ser av fakta i saka har kommunen vore lite aktiv for å finna ei løysing, konstaterte sakshandsamar Kjell Stavenes i utgreiinga for formannskapet.

– Det er urimeleg at rettshavar vert skadelidande på grunn av at tiltaket kjem stadig meir i strid med gjeldande regelverk, når dette skuldast kommunal handsamingstid.

– Det må vel også innvendast at heller ikkje han som hadde retten var veldig aktiv i saka, kommenterte Arnfinn Gjerdåker (SV), som også hausta åtgaum då han kunne fortelja at han var med då formannskapet hadde saka oppe i 1992 like eins.

Uansett: framme ved avrøysting gav eit samla formannskap tilslutnad til å yta erstatningssummen som er kravd, for dermed å få saka opp og avgjord.

– Utgiftene vert dekka ved sal av kommunal eigedom, slår vedtaket elles fast.

Les saka i Avisa Hordaland