Frå andre sida av jorda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saman med andre kursdeltakarar frå ulike delar av Noreg, er det spennande dagar som ventar dei i Ølen.

Unni Marie Lien har bakgrunn frå rosemalingslinja på Sand yrkesskule og opna butikk/verkstad i Ølen for 32 år sidan. Sidan då har ho vore travelt opptatt i butikken, men har og funne tid til å halde kurs og undervise i rosemaling både heime og i utlandet.

— Det er mykje å gjere i butikken, men eg synest det er veldig inspirerande å kunne holde kurs der me kan lære av kvarandre og utveksle idear. Det gir meg mykje, seier ho.

Godt planlagt
Med på årets sommarkurs har ho tilreisande elevar frå heile landet. Anne Grethe Hermansen kjem frå Tromsø for å delta, og er svært nøgd med velkomsten dei har fått.

— Unni er heilt fantastisk. Det er så fint å kunne komme hit, og å få bu på denne nydelege staden, fortel ho.

Særskild nøgd er Hermansen med kor godt heile opplegget er planlagt ned til minste detalj. Ho meiner Lien er dyktig som får alle med på same nivå, og underviser både i gruppe og individuelt for at alle skal få eit godt utbytte.

— Ingenting er tilfeldig, seier hobbymalaren frå nord.

Bruker nettsamfunn
Unni Marie Lien malar i Telemark- og Ryfylke-stil på hennar eige vis, og brukar ein spesiell skuggeteknikk som skil ho frå mange andre rosemalarar.

Interessa har vore stor og elevane har kome i kontakt med henne gjennom fleire ulike kanalar.

— Eg er medlem i ei rosemalingsgruppe på Facebook, der eg har kome i kontakt med fleire av dei som er med på dette kurset, blant andre Anne Grethe. Det er kjempeflott når me kan bruke nettsamfunnet til noko så positivt, ved å halde kontakt og utveksle idear, forklarar ho.

Nokre av elevane er heilt ferske i rosemalingssamanheng, medan andre har malt litt før. Likevel er dei nybegynnarar når det kjem til denne særskilde stilen, og alle startar på same nivå.

Særskild stil
Irina Pugacheva er ein grafisk designar frå Russland som flytta til Molde for sju år sidan, og har reist til Ølen saman med ektemannen for å læra om rosemalingsstilen.

— Eg fann Unni Marie på nettet. Skuggeteknikken hennar er spesiell og eg har hatt lyst til å studere norsk ornament, fortel Pugacheva som starta å male etter at ho kom til Noreg.

Kurset synest ho er svært spennande og ho er glad for å ha ein god lærar som ho kan spør om alt ho lurar på.

— Eg er veldig glad for at eg kom. På førehand var eg litt nervøs for at det kunne bli vanskeleg med språket, men det har gått veldig fint og folka her er så hyggelege, smilar ho.

Utfordring med språk
Unni Marie Lien har tidligare blitt invitert til å halde kurs i Japan, der ho med hjelp av tolk har undervist i fleire byar. Emiko Moriwaki kontakta henne etter å ha lest ein artikkel om rosemalinga i eit japansk interiørmagasin i 2009, og har i nærmare eit år hatt kontakt med Lien over e-post før ho reiste aleine heilt i frå Japan for å delta på firedagars kurset.

— Det er første gong eg besøker Noreg, og eg blir inspirert av den vakre naturen. Reisa gjekk fint, og eg er nøgd med at eg har kome meg hit, seier ho.

Ettersom engelskkunnskapane til Moriwaki ikkje er så gode, bruker Lien ulike metodar for å lære henne mest mulig.

— Det er veldig spesielt og spennande at ho har reist heile vegen for å delta på kurset. Språket er ein utfordring, men me har klart oss fint til nå, fortel ho.

Utflukt til Rosebua
Lien er godt nøgd med kursstarten, og trur det er spennande dagar i vente.

— Det at så mange vil lære er veldig kjekt, og i morgon er eg spent på reaksjonen til elevane når me drar ut på ei lita utflukt, seier rosemalaren.

Då skal ho ta med elevane til Rosebua på Løland i Suldal, og gleder seg til å syne dei eit hus dekorert med rosemaling. Der har dei ein guide som skal fortelje, og ho trur det kan bli ei spennande oppleving.

— Det er mykje forarbeid for eit slik kurs, men det er veldig kjekt å sjå at alle er nøgde og at me har det så trivelig saman, seier den tilfredse kursleiaren.

Les saka i Grannar!