Dette uroar oss ikkje

Ingen er mindre urolege for innbrot enn innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan 14 prosent på landsbasis fryktar innbrot i eigen bustad, melder berre sju prosent av innbyggjarane i fylket at dette bekymrar dei.

Dette syner tal frå ei undersøking gjort av Ipsos for Gjensidige. Hedmark ligg på andre ende av skalaen, her svarar heile 22 prosent at dei fryktar innbrot i eigen bustad.

Velferdsauke
I motsetnad til resten av Europa opplever me ei kraftig velstandsauke, noko som og reflekterast i bustadene.

– Dette gjer bustadene våre meir attraktive for innbrotstjuvar, forklarar Arne Voll, informasjonsansvarleg i Gjensidige i ei pressemelding.

Han seier at tjuvane har blitt meir profesjonelle og kyniske dei siste åra.

– Dei har ofte med seg varebil og tømmer huset raskt og effektivt for lett omsetjelege verdiar. I hovudsak gjeld dette datautstyr, flatskjermar, mobilar, medisin, kontantar, spelekonsoll, og liknande. Dei fleste av innbrota finn stad på dagtid.

Les òg: Norske fengsel er stappfulle

Faktaboks

Nokre tilltak for å hindra innbrot:

• Be naboar eller vener om å sjå til bustaden medan du er vekke.

• Få huset til å sjå mest mogleg busett ut, både inne og ute.

• Vidarekoble telefonen din til mobil eller feriestad.

• Ikkje fortel om ferien på Facebook og e-post.