Sjokk-måling

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siste!

For nokre dagar sidan viste ei meiningsmåling at dersom det var val no, og ikkje om fjorten-femten månader, så ville Høgre fått utrulig mange stemmer og Arbeiderpartiet ikkje fullt så mange. Erna Solberg ville sannsynligvis blitt statsminister. Jens Stoltenberg ville gått av og kanskje etter kvart blitt sur og takka ja til ei internasjonal toppstilling, og så ville Jonas Gahr Støre blitt ny partileiar og Trond Giske ville blitt lei av heile partiet og takka ja til ei toppstilling i Telenor. Dagsavisens redaktør Arne Strand ville flytta utanlands i protest mot at det norske folket ikkje gjorde som han sa. Siv Jensen og Per Sandberg ville blitt statsrådar, og det ville trulig ha komme fram ganske raskt at dei hadde gjort ting tidligare i livet som statsrådar ikkje bør gjere. Og så ville dei politiske kommentatorane blitt sure, og etter kvart ville statsrådane gått av, og etter kvart ville det blitt så mange skandalar at heile regjeringa måtte gå, og i mellomtida ville sikkert Gahr Støre ha fått seg ein internasjonal toppjobb, han også, så då stod AP der utan statsministerkandidat, og plutselig hadde Norge fått ei ny raudgrøn regjering med Marit Arnstad som statsminister utan at nokon heilt forstod korleis det hadde gått til.

Så ikkje kom her og påstå at det ikkje skjer ting her heime om sommaren!

Alt dette skjedde denne sommaren! Eller: Det kunne ha skjedd, dersom det ikkje var denne sommaren no, men neste haust.

Det finst dei som trur at vi som må lage politiske nyheiter om sommaren er misunnelige på dei som slepp.

Phah!

Kvifor skulle vi vere det? Misunnelige? På kven? På dei som er på ferie? Som ligg på stappfulle strender og tvingar i seg drinkar?

Eller på kollegaene våre som er der det skjer? På fotball-EM, for eksempel, der det berre er å ta seg ein tur på pub, stille to spørsmål til fulle galningar med måling i trynet, og så har du gjort eit dags arbeid?

Eller på kollegaene våre som dekker festivalsommaren? Som høyrer på musikk og badar for betaling?

Er ikkje det litt … enkelt?

Og uvesentlig?

Og skjer det ikkje nok viktige ting i politikken om sommaren? Visst gjer det det. Og då snakkar eg ikkje berre om denne meiningsmålinga som altså viste at dersom det var eit heilt anna år og ei heilt anna årstid no enn det faktisk er, så kunne vi hatt ein annan statsminister.

Håh, nei. Her er det meir. Mykje meir. Det viser seg nemlig at dersom du les denne målinga på ein skikkelig rar måte, og kuttar ut tretten av fylka og ti ulike yrkesgrupper og ein del ulike kjønn og aldersgrupper, så har SV nesten reint fleirtal i minst eitt fylke i Nord-Norge.

Dessutan: Berre dagar etter at vi gjennomførte undersøkinga der vi spurde folk kven dei ville stemt på dersom det var eit anna år og ei anna årstid no, så gjennomførte vi ei ny undersøking der vi spurde folk kva dei ville svart på den forrige undersøkinga dersom dei skulle svare noko anna enn det dei faktisk gjorde.

Og då fekk vi heilt andre svar!

Så dersom folk hadde svart heilt annleis enn dei gjorde om kva dei ville svart dersom det var eit anna år og ei anna årstid enn det faktisk er, så kunne vi i dag hatt ein rein sosialiststat.

Og alt dette skjedde altså medan dei andre var på ferie eller intervjua folk med måling i trynet.

Dei om det.

Nokon må vere her også.

Det er her historie skjer.

Eller kunne ha skjedd. Dersom det var neste år no.

Først på trykk i Aftenposten 30. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!