Passasjerane i København gløymer nok aldri desse opplevingane.

mm

For nokre veker sidan melde Framtida.no at danskane er på lukketoppen i verda, framfor Noreg.

Christian Bjørnskov, lukkeforskar og økonom ved Universitetet i Århus i Danmark, meinte at dei små forskjellane i lukkekjensle kunne finnast i kunsten. Dei mest kjente norske kunstverka er Hamsuns Sult og Munchs Skrik, medan Danmark sitt mest kjente måleri er Hipp, hipp, hurra av PS Krøyer.

QUIZ: Forstår du dansk og svensk?

Men også små overraskingar på bussen, t-banen og togbanestasjonen i København kan kanskje ha litt å seia?

Sjællands Symfoniorkester overraska trøytte passasjerar med å spela Morgenstemning av Edvard Grieg på metroen i april:

Og på Hovedbanegården spela dei Bolero av Maurice Ravel:

Og Bedre Bustur laga denne fine overraskinga til bussjåføren Mukhtar på bursdagen hans. Videoen har blitt sett 3,8 millionar gonger. Kanskje blir du rørt du også?

Kva er det du blir glad av?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE