Fjordbønder blei kinosuksess

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dokumentaren «Folk ved fjorden» følgjer livet til Magnhild Dyrdal (66) som steller si gamle og svake mor og lagar pølser, og Ole Hjelmås (72) som steller kyrne sine. Filmen om livet til dei to einslege bøndene er vist utan avbrot på kino i Bergen sidan premieren i oktober i fjor.

– Det er fantastisk, den gamle rekorden hadde den amerikanske storproduksjonen «Danser med ulver» frå 1990. Han gjekk frå februar til september, seier programsjef Stein Sørensen ved Bergen Kino til Dagbladet.

Hovudpersonane sjølve tek oppstyret med ro.

– At vanleg kvardagsliv kan bli så populært, det synest eg berre er kjekt. Men eg gjer berre det som vi alltid har gjort, og det på ein litt tungvint måte, fordi vi ikkje tener så mykje på det at vi kan kjøpe moderne reiskapar, fortel Magnhild Dyrdal til Dagbladet.

Filmen er regissert av Øyvind Sandberg, og er nominert til Amanda-prisen for årets dokumentar. (©NPK)