Vegdirektoratet vil ikkje gje førarkort til 17-åringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje førarkort til 17-åringar

– Vi trur ikkje dette er rett veg å gå for å få ned ungdomsulykkene i trafikken, seier Bente Skjetne, direktør ved trafikkopplæringsseksjonen i Vegdirektoratet til NRK.

Målet med prøveprosjektet til Trygg Trafikk var derimot å få ned talet på ulykker ved å gje unge bilistar meir erfaring bak rattet. Organisasjonen støtta seg mellom anna til utrekningar frå Transportøkonomisk institutt, som meinte meir erfaring med å køyra bil, ville få ned talet på ulykker.
 
Trygg Trafikk meinte samtidig at det måtte stillast ei rekkje krav til dei unge sjåførane. Dei skulle til dømes ikkje få køyra åleine om natta og ikkje ha med seg passasjerar under 25 år.
 
Vegdirektoratet meiner likevel det er feil å eksperimentera med å setja ned aldersgrensa for førarkort.
 
– Det er stor uvisse knytt til det å køyra åleine når ein er under 18 år. Vi har inga forsking som viser at det har effekt. Vi vil ikkje eksperimentera med unge sjåførar, seier Skjetne. (©NPK)