– Etikk framfor profitt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg må ut av etisk tvilsame investeringar i utviklingsland.

Det var kravet når Changemaker demonstrerte i Bø sentrum onsdag ettermiddag.

– Grove overtramp
For å få slutt på det dei kallar grove overtramp av det etiske regelverket, vil Changemaker overføre makt frå Finansdepartementet til Etikkrådet.

– Vi må stole på dei etiske vurderingane gjort av fagfolk i Etikkrådet og gje dei myndigheita Finansdepartementet har no, slik at Etikkrådet sjølv kan avgjere å trekke investeringar, skriv leiar i Changemaker, Ingrid Aas Borge i ei pressemelding.

Etikkrådet overvakar portefølja til Oljefondet og gir råd til departementet, som sit med myndigheita til å ta avgjerslene. Changemaker meiner denne ordninga ikkje er god nok og at Noreg er medansvarleg for grove brot på menneskerettane i fleire land i sør.

– Vi har fleire konkrete døme på at Oljefondet investerer i selskap som opererer stikk i strid med dei etiske retningslinjene for fondet, som forureining av drikkevatn og hogst av regnskog, seier Aas Borge i ei pressemelding.

– Det dukkar stadig opp fleire saker der Oljefondet bidreg til å gå på helsa laus i utviklingsland, seier Borge, som meiner at omsynet til profitt går framfor omsynet til etikk.

Forureining og skoghogst
Blant døma Changemaker trekk fram, er investeringar i gruveselskap i Guatemala, som forureinar drikkevatn med tungemetall.

I tillegg peikar organisasjonen på verksemder i Indonesia, som høgg ned regnskog Noreg elles gjev milliardar til for å ta vare på.

I det etiske regelverket for forvaltinga av Oljefondet, står det mellom anna at fondets midlar ikkje skal investerast i selskap som står for alvorleg miljøskade, grove eller systematiske krenkelsar av menneskerettane, produksjon av våpen som blir brukt til bryte grunnleggande humanitære prinsipp eller grov korrupsjon.
 

Treng meir ressursar
– Oljefondet investerer 3500 milliardar kroner i over 8000 selskap. Når det kun er 8 personar som er tilsett for å passe på etikken i desse 8000 selskapa, seier det seg sjølv at det er alt for lite og at det trengst meir ressursar til det etiske arbeidet i fondet, seier Aas Borge.

Changemaker meiner det går for langsamt frå Etikkrådet kjem med tilrådingar, til Finansdepartementet trekk investeringane ut av verstingselskapa.

 – Ingen garanti
Statssekretær i Finansdepartementet, Hilde Singsaas, skriv i ein e-post til Framtida.no at dei etiske retningslinjene legg opp til at departementet kan ta breiare omsyn enn rådet.

– Departementet må gjere ei sjølvstendig vurdering av alle tilrådingane frå Etikkrådet. Samstundes er sakstilhøva ofte kompliserte og kriteria til vurdering kan vere opp for første gong. Difor er det viktig med grundig saksbehandling, skriv Singsaas.

Ho meiner det til dømes vil vere uheldig av Finansdepartementet å trekkje seg ut av eit selskap dersom Norges Bank er i ein eigarskapsprosess.

– Det såg vi til dømes i Monsantosaka, som resulterte i at selskap innan frøproduksjon i India slutta seg til ein handlingsplan mot barnearbeid, skriv statssekretæren.

Departementet kommenterer generelt ikkje enkeltselskap, men Etikkrådet har eit særskilt fokus på mellom anna gruve- og hogstektoren, ifølgje Singsaas.

– Vi har utelukka både gruve- og hogstselskap frå Oljefondet. Dette er dermed problemstillingar vi er merksame på, skriv Singsaas.

Oljefondet er investert i kring 8000 verksemder over heile verda.

 – Med eit så stort tal investeringar er det aldri noko garanti for at selskap i portefølja ikkje kan drive verksemd som bryt retningslinjene. Det er difor vi har Etikkrådet som skal følgje med, skriv statssekretæren.

– Verdifullt søkelys
Aslak Skancke, som er fungerande leiar i Etikkrådets sekretariat, vil ikkje kommentere forslaget frå Changemaker.

– Det ligg utanfor vårt mandat, seier han.

Men Skancke seier Etikkrådet set pris på at organisasjonar som Changemaker set søkelys på investeringar som kan stride mot regelverket.

– For oss er slike fokus verdifulle og vi undersøker dei alltid nærare. Dess meir konkret informasjonen er, dess betre er det, seier Skancke.

Stemmer det at Oljefondet er investert i bedrifter i Guatemala og Indonesia som forureinar og høgg skog Noreg vil bevare?

– Rådet kommenterer berre tilrådingar som allereie er offentleggjort. Dette er mellom anna fordi det er stor merksemd rundt vår verksemd, og vi vil ikkje setje eit godkjent-stempel på verksemder som ikkje blir utelukka. Det kan vere at tilknytinga mellom selskapa og brota som skjer ikkje er sterk nok til at vi tilrår utelukking, men det er likevel ikkje vår jobb å seie at alt er greit, seier Skancke.

LES OGSÅ: Krever meir moral frå Oljefondet

115 ungdommar var med i aksjonen, der Changemaker samla inn 250 underskrifter.

Kva meiner du – bør Etikkrådet få meir makt?

Faktaboks

Finansdepartementet har som eigar av fondet myndigheit til å avgjere om eit selskap skal utelukkast eller setjast på ei observasjonsliste. Departementet følgjer råd frå Etikkrådet.

Etikkrådet overvakar portefølja til rådet, for å avdekkje om selskap bør utelukkast.

Kjelde: regjeringen.no.