Lyst på ein tur til månen?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Teknofil har den Isle of Man-baserte verksemda Excalibur Almaz annonsert at dei er klare til å selje billettar til månen. 

Romskipet skal ikkje lande, men vil sirkle rundt månen.

Stiv pris
Billettane får du tak i til den nette sum av 935 millionar norske kroner. Før du legg i veg frå moder jord, må du dessutan gjennom eit seks månader langt austronautkurs. 

Selskapet nyttar utrangerte romfartøy frå det tidlegare Sovjet. Heldigvis har dei byta ut 70-tals teknologien med moderne utstyr.

Fire gjenbrukbare romkapslar med plass til tre personar i kvar skal skytast opp. Når dei kjem i bane rundt jorda skal kapslane dokke saman med to Salyut-romstasjonar. Desse skal frakte turistane rundt månen.

Rimelegare tilbod

Selskapet ventar at kundane skal vere eventyrlystne rikfolk og ein og annan styrtrik eineherskar. 

Dersom du tykkjer 935 millionar blir litt i stivaste laget, kan du ta ein kik på tilboda til Virgin Galactic. Frå neste år tilbyr dei romferder til berre 1,2 millionar kroner. Du kjem riktignok berre 110 kilometer opp over bakken, men det er likevel nok til å få eit ganske godt overblikk.