– Må løfte systemkritikken

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No er tida for truverdige og radikale alternativ til finanskapitalismen, sa Linge.

Han åtvara mot konsekvensane av den økonomiske krisa i Europa, og
angreip òg høgresida for å ville innføre "spanske tilstandar" i norsk arbeidsliv.

– Veikte oppsigelsesvern, fleire mellombels stillingar og aggressive vikarbyrå skapar eit meir utrygt arbeidsliv, sa Linge.

Meir offensiv systemkritikk frå venstre
– Sosialistar må gå først og syne at det finst konkrete og truverdige alternativ til den politikken som blir ført i Europa.

– Programmet vårt må bestå i møte med ein finanskapitalisme av hengslene, sa Linge.

Landsmøtet til Sosialistisk Ungdom er på Hamar 23.-26. juni. Olav Magnus Linge går av, medan Andreas Christiansen Halse er innstilt som ny leiar.

Diskusjon og vedtak om eit nytt prinsipprogram, eit feministisk manifest og eit handlingsprogram står sentralt, elles blir viktige tema kva syn SU skal ha på yrkesfagleg opplæring, arbeid og bustadpolitikk.