Høgaste i landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prosjektleiar Tone B. Husebye ved Meteorologisk institutt var denne veka på Fanaråken.

Frå toppen i full vinter og laber sikt rapporterer ho om at dei har kome opp med utstyr, men vêret stoggar dei i å utføra særleg arbeid i denne omgang.

No blir det jobba for å få målingar for temperatur og lufttrykk på plass, truleg i løpet av august. Dermed blir Fanaråken igjen den høgastliggjande stasjonen i landet.

Ekstremvêr
– Temperatur grunna klimaforsking, barometer er eit ønske frå flytrafikken, seier Husebye.

Det er nettopp dei krevjande vêrtilhøva som gjer det interessant å måla på Fanaråken att. Den bemanna målestasjonen vart avvikla i 1978.

– Fanaråken er ekstra interessant fordi det ligg veldig høgt og veldig langt vest, seier Husebye.

Instituttet reknar målingar herfrå som viktige for klimaforsking.

– Også som grunnlag for betre snøskredvarsling.

Meir nøyaktig
Truleg vil ein målestasjon her føra til litt meir nøyaktige vêrmeldingar for dei mange som ferdast til fots- og på ski i Vest-Jotunheimen.

– Det vil vera med på heilskapsbiletet, seier Husebye.

Frå før av har Meteorologisk institutt stasjonar ved Juvasshytta på 1.890 meter. Denne dekkjer Galdhøpiggen¬området.

– Me har ingen over 2.000 meter frå før, seier ho og er spent på korleis utstyr og stasjon fungerer gjennom året.