2,3 millionar nordmenn får att 23 milliardar

Måndag startar utbetalinga av dei etterlengta skattepengane. Rundt 2,3 millionar nordmenn får tilbake til saman 23,4 milliardar kroner i skatteoppgjeret.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får att 23 milliardar

I overkant av 2,9 millionar lønnstakarar og pensjonistar får skatteoppgjeret sitt etter at Skatteetaten har behandla sjølvmeldinga.

 
140.000 fleire skattytarar får skatteoppgjeret i juni i år enn på same tid i fjor.
 
I gjennomsnitt får lønnstakarar og pensjonistar tilbakebetalt 10.300 kroner kvar.
 
Men det er mange som har måtta sjå langt etter skattepengane. Rundt 500.000 får restskatt, og i gjennomsnitt må kvar av desse betale 11.400 kroner tilbake.
 
Totalt er det utlikna skatt og avgift for nesten 253 milliardar kroner.
 
– Vi er opptekne av at folk skal betale rett skatt. Dei som har pengar til gode kan rekne med å få dei inn på konto eller på utbetalingsblankett denne veka, seier skattedirektør Svein Kristensen.
 
I region Skatt Øst åleine fekk 801.276 skattytarar i snitt 10.496 kroner tilbakebetalt. Til saman utgjer dette nesten 8,5 milliardar kroner, opplyser Skatteetaten.
 
I år får for første gong fleire personlege næringsdrivande oppgjeret allereie 25. juli. Dessutan blir det i år vekentlege oppgjer frå 25. juli og fram til 17. oktober.
 
Feil og manglar ved skatteoppgjeret i år må klagast inn til Skatteetaten innan 10. august. (©NPK)