Fram med skjønnlitteraturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kabalmysteriet – Jostein Gaarder
Jostein Gaarder slo for alvor gjennom då Kabalmysteriet blei gitt ut i 1991 og i dag blir ho betrakta som ei av bøkene i filosofi-triologien hans, saman med Sofies verden og Julemysteriet. I Kabalmysteriet møter ein 12 år gamle Hans Thomas og far hans som skal til filosofiens heimland, Hellas, på leit etter mora som drog frå familien for å finne seg sjølv. På vegen får Hans Thomas ei bok og ei lupe som seinare vil gje oss historia om den tyske soldaten Ludwig – ei historie som på mange måtar har mykje til felles med det livet Hans Thomas sjølv lev.

Havets katedral – Ildefonso Falcones
Tida er 1320-talet og menneska i Barcelona har akkurat tatt til på arbeidet med katedralen Santa Maria del Mar, betre kjend som Havets katedral. Her møter ein fattigguten Arnau som har kome til byen saman med far sin, på flukt frå den grufulle godseigaren. Guten blir hamnearbeidar og arbeidar på katedralen på fritida, for så å slå seg opp til å bli ein av Barcelona sine mektigaste menn. Her får lesarane føle på undertrykking, kamp, fattigdom, rikdom, slavar, eigarar, maktsjuke, pest, hat og kjærleik.

Boktyven – Markus Zusak
Den sterke og originale romanen fortel historia om den unge jenta Liesel som blir putta i fosterheim under opptrappinga til annan verdskrig. Med døden som forteljar blir me dratt inn i ei verd av stolne bøker, gøymde jødar, menn som spelar trekkspel, hakekors og bomberom. Ein annleis roman der fantastiske skildringar står i sentrum.

Barnepiken – Kathryn Stockett
Stockett sin kritikarroste roman skildrar forholdet mellom svarte hushjelper og deira kvite fruer i sørstatane under første halvdel av 60-talet. Her møter ein den unge, nyutdanna Skeeter som ynskjer å skrive om korleis dei svarte hushjelpene blir behandla, til tross for at hennar mor sitt høgste ynskje er at ho skal stifte ein familie. Saman med Aibeleen og Minny, begge arbeidstakarar hjå Skeeter sine næraste venninner, startar dei å utfordre grensene til deira eiga tilvære. Eit prosjekt som skal vise seg å vera meir risikofylt enn nokon av dei kunne ha føresett.

Tigerens kone – Tea Obreht
Obreht sin debutroman byr på eit krigsramma Balkan der den unge legen Natalia får beskjed om at hennar bestefar er død. Midt i sorga finn ho ut at bestefaren døydde på eit feltsjukehus langt vekke frå familien medan han var på jakt etter ein mystisk omreisar som gjekk under namnet ”Den usynlege mannen”. Nathalia bestemmer seg på finne ut meir om denne mannen – ei avgjerd som kjem til lede ho til historia om tigeren si kone.

Les meldinga vår av boka her!

Victoria – Knut Hamsun
Victoria
er ein av Hamsun sine mest kjende romanar, der nyromantikken sin ulukkelege kjærleik og klasseskilje står i sentrum. Hovudpersonen, Johannes, er ein møllarson som forelskar seg i slottsherren si dotter Victoria. Til tross for at Victoria gjengjeld følelsane er den sosiale avstanden for stor og inn på slottet kjem den rike Otto.

Øya – Victoria Hislop
Alexis har vekse opp i England uvitande om mora si bakgrunn. Når ho så dreg til mora sin heimby, Pláka, på Kreta bestemmer ho seg for å finne ut kva det er som har blitt haldt skjult for ho under oppveksten. Gjennom samtalar med mora si barndomsvenninne kjem historia for dagens lys – ei historie som omhandlar sjukdommen lepra, spedalske, tragiske skjebnar, kjærleik, tap og Øya.

Vindens skygge – Carlos Ruiz Zafón
Vindens skygge
kom ut i 2001, og har sidan den gong rukke å bli ein internasjonal bestselgjar. Historia er lagt til Barcelona rett etter den spanske borgarkrigen, der bokhandlarsonen Daniel for første gong blir introdusert for ”De glemte bøkers kirkegård”. Her får han får moglegheita til å adoptere ei bok – eit val som fell på romanen Vindens skygge. Dette valet fører til at han blir dratt inn i ei historie der ein mann som deler namn med Djevelen sjølv er ute etter boka hans.

Les saka i Magasinett her!