Vil gjere Sunnmøre om til ein kommune

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i Kommunal Rapport Gjelseth tek til orde for at det i framtida må halde med ein, til naud to, kommunar på Sunnmøre, skriv Vikebladet.no. Svein Gjelseth representerer Arbeidarpartiet og har tidlegare vore ordførar i Herøy kommune i til saman ti år.

Les òg: Mindre skepsis til storkommunar

Til Sunnmørsposten forklarer Gjelseth at ein med ei storstilt kommunesamanslåing kan oppnå den hjelpa ein treng til utbygging av vegar og fjordkryssingar frå sentrale styresmakter. Han meiner at ein med slike storkommunar gjer fylka overflødige og ein så kan leggje grunnlaget for ein svært livskraftig region. Stortingsrepresentanten viser til den maritime næringa og ser føre seg at Sunnmøre kan bli det nye Singapore. (©NPK)

Les òg: Fleirtal vil slå saman kommunar