Vi ferierer litt her og litt der
Nordmenn flest gjer som Ole Brumm og seier ja takk til begge delar. Dei aller fleste skal gjera fleire ulike ting denne sommarferien.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ikkje slik at nordmenn vel anten utanlandsferie, hytteferie eller annan Noregsferie.
– Mange tek ut meir enn tre veker sommarferie og ønskjer å fylla ferien sin med ulikt innhald og ulike opplevingar, seier marknadsdirektør Tom Hansen i Ipsos MMI.
Ifølgje ei undersøking frå Ipsos MMI svarar tre av fire at dei skal vera heile eller delar av ferien sin i Noreg. Og mange skal kombinera ferie på hytta med utanlandsferie og noko heimeferie.
Ifølgje undersøkinga skal 55 prosent feriera i hytte eller feriebustad, 30 prosent skal på bilferie, 40 prosent skal besøkja familie eller venner, 22 prosent skal på storbyferie, 12 prosent skal på charterferie, 22 prosent opplyser at dei har andre reisemål, medan 41 prosent skal bruka nokre feriedagar heime.
Av dei som skal utanlands, skal 20 prosent til eit anna land i Norden, 35 prosent skal feriere i resten av Europa, medan 10 prosent skal til land utanfor Europa.
Til saman 500 personar er intervjua i undersøkinga som er teken opp i perioden 14.– 19. juni. (©NPK)
Les òg: Hald ferien din for deg sjølv