skaping

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

du sender mørker

og natta kjem;

då krek dei fram,

alle dyr i skogen.

(…)

så renn sola, dei smyg seg bort

og legg seg til ro i sine holer.

då går mennesket

til si gjerning,

vil gjera sitt arbeid

alt til kvelds.

salme 104, 20+22-23

av og til kjem det over ein og då må ein høyre har eg skjønt, ikkje nøle eller tenkje etter om tidi er rett, berre høyre og kanalisere og materialisere alt ein orkar, for det kverv like brått som det kjem og det som verka varig og openbart renn som sand mellom fingrane.

fyrste gongen eg høyrte vårofferet var eg som ei bombe av skaparkraft, høyrde det omatt og omatt, bestilte partituret på internett og bøker om orkestrering, kjøpte heile produksjonen til stravinsky for å finne noko som likna, og sjølv om eg fann ut at han aldri skreiv noko som likna, at vårofferet står heilt åleine i den enorme produksjonen, vart det ikkje noko mindre, berre større, som om det eine verket var skrive for å gje meg openberringi eg trong. det var det største verket eg hadde høyrt nokon gong, berre

radiohead kunne konkurrere, tenkte eg, og eg visste at det hadde forandra meg for alltid.

eller då eg sette the bends i den nye discmanen min, det må ha vore i 2001 eller 2002, eg hadde brent 10 cd'ar frå syster mi (det var berre 10 cd'ar i pakka), og eg visste at radiohead var bra, for det hadde dei sagt, båe syskeni mine, og då var det slik, eg høyrde alltid heile cd'en gjennom, utan avbrot, det gjer eg framleis, det var planet telex fyrst, litt vanskeleg for ein 11-åring, men den sjokkarta euforien då gitarriffet i «the bends» slo innover meg fyrste gongen på eit ganske nytt portapro-headset gløymer eg aldri, «verdens beste song», tenkte eg då, og etter eg hadde høyrt ferdig heile plata gjorde eg noko som eg nesten aldri gjorde, sette på spor nummer to ein gong til utan å høyre på dei andre.

det er skaparkrafti som vaknar i slike augeblinkar, sikkert noko kjemisk i hjernen, adrenalin eller hormonar eller noko som gjer at du kjenner deg sterkare enn nokon gong, uslåeleg, du bryr deg ikkje om pengar eller otter, det einaste du tenkjer på er at du skal skapa det vakraste dei har sett, det mest betydningsfulle dei siste tjue eller tredve åri, og dei skal sjå kvar du kjem frå, dei skal skjønne at du høyrde på the bends den gongen eller vårofferet, og det skal vera summen av alle desse og det du er som blir det heilt nye, spesielle, strålande som du skal laga, det er din visjon og du skal forme han med hendene og øyro og augo dine.

slik kan du gå ein dag eller ein halv, kanskje seier mor di at du ikkje kan spela piano så seint fordi dei skal på jobb i morgon, eller så ler nokon av deg fordi at du teiknar noko uforståeleg på ei blokk på hytta, du skriv liner og bokstavar og veit akkurat korleis det skal bli, det er berre ei oversikt så du skal hugse, men det skjønnar dei ikkje, for ideen er berre din, biletet av kva som skal bli er berre ditt og det er ingen måte dei kan forstå akkurat det på, det er ikkje at dei er dumme, dei bur berre ikkje i hovudet ditt, slik som du.

då eg hadde sett black swan på kino var eg farleg, energi skaut ut i fingertuppane mine og stemmebandi krympa saman, pusten sat i bringa og eg sette meg, gjekk rundt øvst på grünerløkka og irriterte meg over at folk lata som ingenting, som om ikkje ein viktig augeblink i kunsthistoria hadde vore utan at dei visste det. eg måtte samle tankane på papir, bokstavane flaut saman på arket og linene gjekk over i kvarandre. eg skreiv om prisen for kunsten og livet i kunsten, ingenting anna, eg brydde meg ikkje om noko anna nett då, berre leva i kunsten så mykje eg makta.

fyrste gongen eg las «mange års røynsle med pil og boge», slike stutte liner ladde med alt eg var redd for, eit bankande, blødande hjarte utanpå skjorta sa nokon, «til du forstår pili», sa han, «her er òg eit midtpunkt».

etter kvart kjenner eg att kjensla, og samstundes med at adrenalinet fyller seg opp, kjem det òg eit malurtskot, eller ikkje malurt, for eg blir ikkje lei meg, litt melankolsk berre, for eg veit at kjensla går over, eg skulle ynske at det ikkje var slik, men eg veit at når eg vaknar i morgon tidleg er det nok vekke, iallfall utpå dagen. då går eg attende til mitt daglege meg, vaskar opp og lagar middag, på kvelden arbeider vidare på eit stykke eg har starta på, så mykje som eg orkar.

eg var på kino i går, såg moonrise kingdom i covent garden, kunne ikkje gå heim etterpå, me gjekk på 2-for-1-pasta&pizza i seven dials og prata om kunst og blødande hjarta til eg hadde tømt vinglaset, me gjekk og kjøpte yoghurtis søta med agave og brownies, tok til slutt toget frå charing cross med lukti av ferske magasin i bivrande hender, adrenalinet sat i enno, og eg sat der og ynskte at eg ein gong skal tenkja på den kvelden då eg såg moonrise kingdom fyrste gongen og forma det nye skaparverket i hovudet mitt, magnum opus, det som forandra alt.