Hardangerbrua i rute

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi reknar med at tidsplanen held, slik at vi kan opne i slutten av juni neste år, sjølv om vi blei ein del forseinka av orkanen «Dagmar», seier Øivind L. Søvik. Han er prosjektleiar for Hardangerbrua og har lang fartstid i Statens vegvesen.

I fjor vart bygginga av dei rundt 200 meter høge tårna på begge sidene av fjorden fullført. Sidan i fjor haust har det vore arbeidd med berekablane. Til hausten kjem stålseksjonane som skal bli køyrebanene mellom brutårna. Dei er bygde i Kina og blir frakta med skip til Hardangerfjorden.

Når seksjonane er heiste på plass, skal dei sveisast saman og asfalten skal leggjast. Då begynner brua å få den endelege utsjånaden, sjølv om mykje arbeid framleis står att.

Ikkje berre for bilar
Hardangerbrua skal erstatte ferjesambandet Bruravik– Brimnes og gjere store delar av Hardanger «landfast».

Brua er ikkje berre bygd for bilar og andre køyretøy. Fotgjengarar og syklistar får gode mulegheiter til å ta seg over brua og nyte utsikta.

På krav side av brua blir det laga parkeringsplassar for bilar og bussar, og det blir muleg å gå over på ein eigen gang- og sykkelveg.

Frå brua blir det praktfull utsikt over Hardangerfjorden og fjella rundt med Folgefonna lengre unna.

– Turistbussar kan stoppe på den eine sida og sleppe turistane av og så møte dei på den andre sida. Vi trur det blir ei populær mulegheit, seier Søvik.

Lang prosess
Det har teke tid å verkeleggjere planane om bru over Hardangerfjorden. Tanken vart lansert første gong i 1937. Då var Golden Gate i California ferdig bygd som den lengste hengebrua i verda. No rykkjer ho lenger ned på lista, bak Hardangerbrua, som tek plassen som den åttande lengste hengebrua i verda.

Etter at Vallaviktunnelen vart opna i 1985, kom det fart i planane. I 1996 sa Stortinget nei, men ti år etter vart bruplanane samrøystes godtekne i Stortinget.

Søvik fortel at bygginga har vore innanfor budsjettet. Dei totale kostnadene er rekna til 2,3 milliardar 2011-kroner. Det er i samsvar med føresetnadene då Stortinget vedtok å byggje brua.

Stort arbeid
Tre entreprenørselskap, AF Gruppen, Veidekke og danske MT Højgaard har hatt dei største oppdraga med brua.

AF Gruppen har arbeidd med tunnelane og tilførselsvegane. I alt er det bygd 2,7 kilometer tunnelar, 800 meter veg og 900 meter gang- og sykkelveg som skal føre fram til brua. Inne i fjellet på begge sider er det laga rundkøyringar. Når bilistane kjem ut av tunnelen på Vallavik-sida får dei eit flott utsyn mot brua gjennom den 23 meter høge portalen.

Veidekke har bygd brutårna medan stålarbeida blir gjort av MT Højgaard. No i juni blir kablane som skal halde brua, strekte. Galvaniserte trådar blir trekt over brua ved hjelp av eit spinnande hjul. Difor blir prosessen også kalla spinning. Til saman 10.032 trådar med ein diameter på 5,3 mm skal halde brua oppe på kvar side.

Les òg: Sp og SV vil ha samferdslereform

Dei køyrande betaler
Det er dei som skal bruke brua som skal betale mesteparten av byggjekostnadene. Stortinget har bestemt at 62 prosent av kostnadene skal takast att med bompengar. Berre 12 prosent kjem frå staten.

Prisen for å køyre høgt over Hardangerfjorden er ikkje bestemt, men truleg vil det koste nærare 150 kroner for ein personbil. Det blir kalkulert med at rundt 2.100 kjøretøy vil passere brua kvar dag. Då vil brua vere nedbetalt om 15 års tid.

Les òg: – Krev bompengar på dei fleste vegar
 

Faktaboks

Hardangerbrua

* Den lengste hengebrua i Noreg. Opnar for trafikk neste sommar.

* Går mellom Vallavik og Bu i Hardanger. Erstattar ferja Bruravik– Brimnes.

* Tårna på begge sider er rundt 200 meter høge. Hovudspennet på hengebrua er 1.310 meter.

* I tillegg til køyrefelta får brua gang- og sykkelveg.

* Det er bygd i alt 2,7 kilometer nye tunnelar som fører trafikken inn på brua på begge sider. På Vallavik-sida kjem bilane rett inn i den 7,5 kilometer lange Vallaviktunnelen.

* Kostnadene er rekna til 2,3 milliardar 2011-kroner.

* Dei køyrande skal betale det meste. Bompengane for ein privatbil blir truleg rundt 150 kroner.