Barn i norske barnehagar tel dårlegare enn barn i andre land. Til gjengjeld er dei betre i geometri, viser nye forskingsresultat.

NPK-NTB
NPK-NTB
Forskarar ved Lesesenteret på Universitetet i Stavanger (UiS) har undersøkt i overkant av 1.000 toåringar og skal følgje dei frå dei er to og eit halvt til dei er ti år gamle.
 
Barna skal kartleggjast innan områda telling, geometri og språklege matematiske omgrep. Forskarane har allereie oppdaga at barn i norske barnehagar skil seg frå barn frå andre land på fleire måtar, skriv Stavanger Aftenblad.
 
Funna frå UiS viser at dei norske toåringar er dårlegare til å seie telleramsa, dei er lite opptekne av å finne kor mange, og dei har også svakare taloppfatning enn det forskarar tidlegare har funne.
 
Barn i norske barnehagar er derimot flinkare i geometri, til å leggje puslespel og til å sortere objekt etter størrelse.
 
Forskar Elin Reikerås trur at forskjellane mellom barn i norske barnehagar og barn i andre land oppstår fordi norske barnehagar legg meir vekt på leik og er mindre skuleretta enn kva som er tilfellet andre stader.
 
– Dette er eit tankekors fordi vi har veldig gode barnehagar i Noreg, der leik, omsorg og læring skal gå hand i hand. Få har vel eit ønske om at vi skal få ein skulebarnehage, men mulegheitene til å lære nettopp gjennom leiken er truleg ikkje så godt utnytta som dei kunne vore, meiner ho. (©NPK)
Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

ANNONSE