Noregs eldste boge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sensasjonelt boge-funn

Det var 7. september i fjor at det vart funne ein heil boge ved Åndfonne i Skjåk, ved Lomseggen i Breheimen. Fyrst nå blir funnet offentleggjort. Bogen er nemleg datert med C14-metoden ved eit laboratorium i USA, og resultatet syner at bogen er 3300 år gamal. Dermed er dette Noregs eldste og best bevarte boge.

Bogen vart funnen i samband med den aller siste sjekken langs iskanten før feltarbeidet vart avslutta. Bogen var da nettopp smelta ut, og låg heilt i iskanten.

– Dette syner kor viktig det er at arkeologane er på plass akkurat når avsmeltinga skjer. Lengdemålet for bogen er om lag 131 centimeter i «utretta» tilstand, seier Mai Bakken ved Norsk fjellmuseum. Både bogen og fleire funn som vart gjort hausten 2011, skal stillast ut på fjellmuseumet i Lom frå 23. juni i år.

LES OGSÅ: Vikingar i tjukkaste Afrika

I ei pressemelding frå arkeologane Lars Pilø og Espen Finstad i Oppland fylkeskommune, kjem det fram at funn av komplette boger er svært sjeldne, og enda meir sjeldan vart bogen da det synte seg at han var heile 3300 år gamal, med andre ord frå eldre bronsealder.

– Bogen er med god margin den eldste som er funnen i Noreg og i tillegg er den komplett! Bogen er laga i eitt stykke av hardt løvtre. Analysar av utforminga syner at det har vore ein erfaren og dyktig bogemakar som utforma den, heiter det i pressemeldinga.
Bogen er knekt i den eine enden, truleg under jakta og truleg kassert av den grunn. Uflaks for jegaren at «bogen brast» og flaks for arkeologane.

Åndfonne ligg rett aust for Lendbreen. Funnområdet i overkanten av Lendbreeen i Breheimen gav frå seg hundrevis av arkeologiske funn etter at det vart oppdaga i 2011. Det var stor avsmelting og mange svært godt bevarte funn smelta fram. Det mest kjende funnet er kjortelen, eit funn som vekte internasjonal oppsikt. Kjortelen var 1700 år gamal og Noregs eldste klesplagg.

Sjå video frå Bjørgvin i 1350!

Det mest mystiske funnet frå Lendbreen er det som ser ut til å vera ein del av ein stav, utstyrt med vakre geometriske ornament og båndfletting. Den er laga i bjørk, og er datert til om lag 800 etter Kristus. Kva denne gjenstanden har vore brukt til, er usikkert. Kan det vera toppen av ein vandrestav? Kven eigde staven og kvifor låg han att ved breen?

Her er bogen:

LES SAKA I FJUKEN!