Trollstigen blir opna som turistveg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under den offisielle opninga klokka 12.30 laurdag deltek både samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp), i tillegg til fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal, Rauma-ordførar Lars Olav Hustad og vegdirektør – og tidlegare samferdsleminister – Terje Moe Gustavsen.

På gamle stiar
Romsdal Aktiv tek med seg eit følgje på 20 personar for å vise korleis folk og fe tok seg fram over fjellet før bilvegen vart bygd. Utkledd som bønder og hestehandlarar frå den tida, går tre guidar ein tur med interesserte på Kløvstien.

Den etter kvart berømte Trollstigvegen med elleve buktande svingar vart opna i 1936, etter at Stortinget i 1916 gav klarsignal til bygging. Bygginga av sjølve fjellovergangen starta i 1928, trass i at mange meinte dette var rein galskap.

Drygt 10 mil
Det som no blir opna som nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen, er fylkesveg 63 mellom Langvatn på Strynefjellet og Sogge bru i Romsdalen, med ferje over Norddalsfjorden på strekninga Eidsdal-Linge. Strekninga er 106 kilometer.

Under opningsseremonien blir vegen mellom Isterdalen og Slettvikan stengt, opplyser Statens vegvesen. Men det er sett opp skyttelbussar både frå Åndalsnes skysstasjon og Valldal turistkontor til Trollstigplatået, der den offisielle opninga er.

18 vegstrekningar her i landet har status som nasjonale turistvegar. (©NPK)

Les òg: Vestlandet er eit førebilete for turiststrategien