Hovland, Nordstoga og Parr opnar Falturiltu

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store namn på Faturiltu

Ein farfar i livet, Kveldssong for deg og megog Bestevenn er songar som har treft midt i den norske folkesjela dei seinare åra, og Falturiltu er ikkje reint lite stolte av å kunne opne årets festival med trioen som har skrive eller inspirert desse tekstane og tonane på ein og same scene: Ragnar Hovland, Maria Parr og Odd Nordstoga. Sundag 4. november blir altså ein festkveld av dei heilt sjeldne i Stord kulturhus, både for unge og gamle og dei imellom.

Ragnar Hovland debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han Kultur- og Vitskapsdepartementet sin debutantpris. Seinare har det kome over førti bøker frå hans hand, femten av dei for barn og unge. Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar og musikarar.

Odd Nordstoga hadde gjeve ut ei rekke plater av strålande kvalitet då han i 2004 slo gjennom for fullt med plata Luring og superhiten Kveldssong for deg og meg. Gjennom seinare plater som Jul i svingen (2006), Pilegrim (2008), November (2010) og Bestevenn (2011), musikken til filmatiseringa av Maria Parr si bok Vaffelhjarte , har han berre stadfesta sin posisjon som ein av våre mest folkekjære artistar.

Maria Parr debuterte med eit stillferdig brak i 2005 med den kritikarrosa barneboka Vaffelhjarte.  Gjennombrotet kom i 2009 med Tonje Glimmerdal, som gav henne både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen. Begge bøkene har seld i svimlande opplag her heime, og er omsett til ei lang rekke språk.

Les òg: Ragnar Hovland til Faturiltu