Forureinande lyspærer rett i bosset
Kvart år hamnar 45 millionar lyspærer på avvege. Pærene inneheld kvikksølv og andre gifter som kan skade miljøet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nordmenn veit lite om kor skadeleg det er å kaste lyspærene i restavfallet, viser ei undersøking Norstat har gjort på vegner av returselskapet RENAS.
Berre 4– 5 millionar av dei nærmare 50 millionar lyspærer som kastast kvart år, blir forsvarleg teke hand om og levert i daglegvarebutikkar eller på kommunale avfallsmottak. Resten av lyspærene endar stort sett i restavfallet.
Returselskapet RENAS har derfor teke initiativet til å auke innsamlinga av brukte pærer. Med seg på laget har dei fått Naturvernforbundet, Kiwi, Ikea, OSRAM og det kommunale avfallsselskapet Lindum.
Eitt av måla med kampanjen er å minne nordmenn på at brukte lyspærer kan leverast i daglegvarebutikken. Under opninga av kampanjen leverte miljøvernminister Bård Vegard Solhjell lyspærene sine i ein Kiwi-butikk i Oslo. (©NPK)
Les òg: Miljøgifter kan påverke arvestoff i tre generasjonar