– Kulturungdom er vinnarar

No kan det bli meir pengar til korps, speidarar, ungdomsparti og andre organisasjonar for unge.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frifond, støtteordninga for lokal barne- og ungdomskultur, er ein av dei store vinnarane i den nye tippenøkkelen.

– Det vil gje eit langt betre lokalt fritidstilbud òg til born og unge som ikkje driv med idrett, seier generalsekretær Martin Østerdal i LNU.

Fredag la kulturminister Anniken Huitfeldt fram regjeringa si idrettsmelding. Der blir det varsla ny fordeling av overskotet frå Norsk Tipping. I tillegg til større del til idretten, vil kvar einaste kulturkrone frå Norsk Tipping kunne følgjast heilt fram til mottaker. Tidlegare har 600 millionar gått rett i statskassa.

Får meir lokalt
Lokale kulturtiltak for born og unge, kulturbygg og Den kulturelle skolesekken får no ein samla auke på 50 prosent. Dersom overskotet til Norsk Tipping held seg på same nivå som i 2011, inneber endringa over 200 millionar friske kroner til desse formåla.

LES OGSÅ: Her får du støtte til gode idear

Regjeringspartia har vore tydelege på at Frifond skal ha brorparten av denne auken.

100.000 fleire medlemmar
– Barne- og ungdomsorganisasjonene har vakse med 100 000 medlemmar det siste tiåret, men støtteordningene har ikkje halde følgje. Me er glade for at regjeringa aktivt prioriterer Frifond, slik at organisasjonane kan tilby fleire og betre aktivitetar til born og unge, uavhengig av geografi og foreldreøkonomi, seier Østerdal. Han er undrande til kritikken frå andre delar av kulturlivet.

– Kulturløftet ligg fast. Når dei sporbare overføringane til kultur frå Norsk Tipping aukar med femti prosent, gjev det i sum romslegare og meir føreseielege rammer for heile kulturlivet, avsluttar Østerdal.

Faktaboks

Om Frifond:
• Frifond er grunnmuren for lokal, sjølvstyrt barne- og ungdomsaktivitet i heile landet.
• Meir enn 14000 lokale lag fekk støtte i 2011. Dei fleste er lokallag i speidaren, korps, ungdomspartia eller andre nasjonale organisasjonar, andre er frittståande og får støtte til festivalar, filmskaping, dataparty eller andre prosjekt.

Om Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisjoner (LNU):
• Eit samarbeidsorgan for 97 barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg
• Forvaltar over 130 millionar kroner i ulike støtteordningar
• LNU jobbar for medlemsorganisasjonane sine felles interesser overfor styresmaktene og andre viktige samfunnsaktørar