Fotball-EM: Bananens renessanse

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krevjande å vera fotballfan

Fram mot opningskampen har det handla like mykje om apelydar, bananar og ytterleggåande ekstremismegrums, som korvidt det er Tyskland eller Spania som vinn finalen.

Rasisme har vore ein uønska del av den fotballen i mange tiår, men etter tunge, internasjonale kampanjar og framstegstru dei siste åra, trudde mange at tida endeleg var klar for å leggje fotball-EM til Polen og Ukraina, to land som forutan dårleg musikksmak har slite med ekstremisme og gjengvald frå tribunene i sine heimlege seriar dei siste tiåra.

For verda går jo framover. Kanskje den auka merksemda rundt rasismeproblema kan bidra til utvikling av permanente gode haldningar i Polen/Ukraina, på same måten som Vinter-OL i Oslo i 1952 i åra etterpå omforma byen til ein pulserande, fordomsfri og inkluderande smeltedigel for ulike kulturar og veremåtar, ikkje ulikt New York?

No skal det seiast at gode haldningar i fotballmiljøet per dags dato er like skortande som innleggskvaliteten til England sine vingar – og dømekrafta til trenaren deira. Eller tenk på den manglande effektiviteten til danske Niklas Bendtner. Eller skadeproblema på Frankrike si midtbane. Fotballmetaforikken er meint å vise at det er lite håp: For korleis skal publikumarane i Aust-Europa utvikle gode haldningar når spelaridola deira stadig er i søkjelyset for rasisme, vald, hor, og narkotikamisbruk – og toppleiinga i FIFA framstår som ordboksdefinisjonen av korrupt?

I sesongen som var, vart både Luis Suarez (Liverpool) og John Terry (Chelsea) grilla i offentlegheita for rasistiske utspel. At BBC-dokumentaren Stadiums of hate, som sparka i gang rasismedebatten for alvor før EM, var produsert i nettopp England, var difor inga overrasking. At den journalistiske framstillinga var noko einsidig (ikkje ulikt spelestilen til Englands landslag), har derimot absolutt ingen ting å gjere med kva land den kom frå.

Når vi snakkar om saklegheit: Det skal seiast at pr-folk og kjennarar av polsk og ukrainsk (u-)kultur har fått sleppe til i media i ny og ne. Der prøvar dei så godt dei kan å balansere inntrykket som er skapt dei siste vekene av at det framleis er aktive konsentrasjonsleiarar i skogen bak brakkene ved jernbanestasjonen i Treblinka. Diskusjonen er meint å vere fruktbar, men det gjenstår å sjå kor mange bananar som vert veiva med frå tribunene i vekene framover.

I løpet av dei siste vekene har svarte supporterar blitt åtvara om å reise til Polen/Ukraina, og ministrar frå Tyskland og England boikottar arrangementet grunna Ukraina si knebling av politiske motstandarar. Heller ikkje solariumsbrune ”fjellapar” frå Noreg har tenkt seg ned i særleg stort monn, trass i banan-incentivet. Det handlar om å vere føre var, ikkje risikere noko – ikkje ulikt slik opningskampen mellom Polen og Hellas nok kjem til å arte seg.

Før opningskampen kan det verke som mange ser føre seg eit skrekkscenario på tribunene, der det ved eit uhell vert kringkasta på TV at born av svarte fotballsupporterar gomlar i seg bananar som har blitt kasta på dei frå over gjerdet, der dei lokale supportarane står med vaiande flagg, strake høgrearmar og kvite ølmagar.

Eg vel å tru at frykta for dette er overdriven.

Dette scenarioet kjem vi ikkje til å sjå på TV, det kan eg garantere. TV-produsentane er nok sitt underhaldningsansvar bevisst, og zoomar heller inn på dei stramme magemusklane til ein frustrert Cristiano Ronaldo i det han i sakte film vrengjer av seg den våte trøya etter å ha bomma på nok eit viktig straffespark.

Viss ein berre fokuserar på det appetittlege, så vil nok grumset i bakgrunnen løyse seg opp av seg sjølv.

Spørsmålet ein sit att med er om mediebruset om frykta for rasisme får den sjølvoppfyllande verknaden at publikum blir arisk einsarta og berre består av frådande, raudbrente kvithudingar og kortsynte BBC-journalistar, som undrast og skryt til omverda av kor fredeleg alt har gått føre seg.