Protesterte med å spela poker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framstegspartiets Ungdom i Østfold pakka koffertane og tok med 13 mann inkludert FpU-formann Himanshu Gulati til Tanumstrand i Sverige i helga. Målet var å protestera mot det norske forbudet mot pokerspel med pengar ved å spela poker rett over svenskegrensa. I samsvar med svensk lov var det berre dei over 18 som fekk lov å spela.

– Det er heilt utruleg at det i Noreg er forbode å bruka sine eigne lovlege tente pengar på eit uskuldig pokerspel. Det er då meir enn nok viktigare ting for politiet å bruka pengar på enn å ta folk som spelar poker, seier Gulati til Framtida.no.

Ikkje redd fleire speleavhengige
FpU-formannen er ikkje redd for at det vil bli fleire speleavhengige viss poker med pengepremiar blir lovleg i Noreg.

– Eg trur ikkje det vil ha noko å seia sidan det er fullt mogleg å spela på nettet og på Norsk Tipping sine automatar. Me må heller hjelpa speleavhengige meir målretta. Forbodet me har i dag rammar først og fremst vener og kjente som har lyst til å ha eit hyggeleg pokerlag, seier han til Framtida.no.

Han viser til at NM i poker i dag blir spela utanfor landets grenser.

LES OGSÅ: 3800 unge er avhengige av pengespel

Korleis gjekk det?
Sentralstyremedlem Julia Brännström byrja turneringa i Texas Hold ´Em med eit brak. Ho kapra fort sigeren i eit par av dei første rundane.

FpU-formannen hadde etter nokre få rundar såvidt nokre sjatonger igjen. Men han tok revansj.

Etter nokre rundar satsa han alt. Og vann til slutt eit par hundrelappar i premie, ifølgje fpu.no.

Kva meiner du om pokerspel med pengar? Bør det bli lov i Noreg òg?