– USA har ingen betre partnar enn Noreg
USA har ingen betre partnar enn Noreg i arbeidet for fred, utvikling og menneskerettar, sa Hillary Clinton då ho talte på Akershus slott i Oslo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noreg beste partnar for USA
Den amerikanske utanriksministeren var full av lovord då ho omtalte forholdet mellom Noreg og USA fredag, ifølgje NRK.
– Ved alle område vi handterer, ved alle utfordringar vi møter, ved kvart høve vi prøver å utnytte har vi nære konsultasjonar med Noreg, sa Clinton.
Ho trekte spesielt fram forholdet mellom president Barack Obama og statsminister Jens Stoltenberg (Ap).
– Vi set stor pris på partnarskapen mellom dei to landa våre, og partnarskapen som du, statsminister Jens Stoltenberg, har med president Obama, sa Clinton.
Stoltenberg var til stades under lunsjen på Akershus slott og heldt også sjølv tale. (©NPK)