Kaos på operataket

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Oslo sentrum var lamma. Kollektivtrafikken stod. Mobiltelefonar slutta å verke. Folk kom seg ikkje fram. Det var kaotiske tilstandar fordi tusenvis av elleville fans kjempa for å få eit glimt av idolet sitt på operataket.

Då helten sjølv endelig kom i båt, hadde mange allereie venta i timevis.

– Situasjonen er uoversiktlig, innrømma vakter vi snakka med.

Mange spør seg no om arrangørane heilt visste kva dei sette i gang då dei inviterte til eit gratisarrangement av denne typen. Dei trudde kanskje dei var førebudde. Likevel var altså kaoset komplett då kongeparet feira 75-årsdagane sine på operataket på torsdag.

Fans av kongefamilien stod og satt om kvarandre over heile operataket og i gatene rundt. Mange hadde reist langt. Mange hadde venta lenge. Det var trangt. Mange hadde gløymt å drikke.

Framfor fansen stod journalistar og rapporterte direkte. Ingen av dei hadde gløymt å drikke. Journalistane himla med auga og smilte overberande for at folk der heime skulle forstå at dei eigentlig er seriøse journalistar og ikkje bryr seg om slikt dill, men at dei også når som helst er klare til å forsvare popkulturens plass i media mot surmaga kritikk frå tabloidhatarar.

Mange vi snakka med var svært kritiske til kaos-arrangementet.

– Dette burde arrangørane ha sett komme, sa ein tilskodar. Eller det er mulig det er noko vi las i eit kommentarfelt på nettet. Eg hugsar ikkje. I alle fall var vedkommande veldig kritisk, og meinte at alle måtte forstå at dette kom til å bli kaos.

For fans av kongeparet har jo historie for å ta av: Uansett kvar dei kongelige viser seg, så blir dei møtt av hylande folkemengder. Overalt er det sånn. Folk går veldig langt for å få eit glimt av heltane sine. Mange stader i Norge ventar folk i timevis i regn for å få sjå eller kanskje til og med handhelse på ein kongelig. Vi har sett mange eksempel på korps som har spelt i minusgrader og barn heilt ned i treårsalderen som ventar med blomsterbukettar. Det er elleville tilstandar. Slik har det vore heilt sidan krigen. Så når både dronninga og kongen feirar bursdag samtidig, og det er gratis å sleppe inn, så seier det seg sjølv at det vil komme mykje folk.

Og det kom mykje folk. Mange hadde reist langt. Mange hadde venta lenge på denne dagen. Folk hadde tatt seg fri frå skule og jobb for å sjå idola sine.

Oddny (74) møtte kongen då han var på besøk i Groksfjord i 1995. Torsdag var ho på operataket.

– Dette er det største eg har opplevd, sa Oddny til oss. Vi nikka, himla med auga og smilte overberande tilbake.

Så, endelig, kom hovudpersonane: Harald og Sonja. Då dei opna showet med signaturvinkinga si, responderte gjengen på operataket med å gå komplett bananas. Og etter det gjekk det berre oppover.

Bursdagssongen. Opera. Henning Kraggerud. Talar. Kor. Barn som seier rare ting. Kongefansen fekk alt dei ønska seg og meir til.

Då hip hop-duoen Envy kom på scenen, tok det heilt av. Fleire tilskodarar smilte. Statsministeren klappa nesten i takt. Det var sjukt.

– Eg har ikkje opplevd makan sidan dåverande kronprins Harald opna arbeidskontormuseet i Sværvåg i 1987, sa ein av dei frammøtte, seksti år gamle Bjarne, noko som seier sitt om kor trist livet til Bjarne må vere. Men det sa vi ikkje til han, naturligvis. Vi himla med auga og smilte overberande tilbake. Bjarne fortalde at han hadde reist heilt frå Sværvåg for å oppleve denne feiringa på operataket. Ikkje at vi veit kor langt det er frå Sværvåg, sjølvsagt, men Sværvåg er i alle fall ikkje i Oslo, det høyrde vi på han.

Han nekta å la det øydelegge den store dagen, men Bjarne stadfesta også inntrykket av kaos:

– Ein gong var det ein som plutselig reiste seg framfor meg, så eg gjekk glipp av noko Herborg Kråkevik sa.

Slike historier var det mange av: Nokon velta eit pappkrus. Eit pledd blei tatt av vinden. Folk måtte flytte på seg for å sjå skikkelig.

Vi som har levd og rapportert ei stund veit kor galne folk kan bli når dei kongelige kjem. Det burde alle vite.

Likevel braut det altså ut kaos denne gongen også.

Då alle reiste seg på slutten for å synge den største hiten, Kongesangen, var det like før Austlandet velta.

Stod først på trykk i Aftenposten 2. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!