Unge lesarar frå heile landet har gjeve Terje Torkildsen Uprisen for andre gong.

mm
Faktaboks

Terje Torkildsen (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. I 2009 kom den første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent.
Den litterære debuten, Marki Marco (2008), uvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. Torkildsen bur i Stavanger.

LES FAKTALUKK FAKTA

Prisen vart delt ut under Litteraturfestivalen på Lillehammer torsdag. Samlaget har vunne Uprisen fire av dei seks gongene han har blitt delt ut.

Fleire inviterte niandeklassar frå heile landet har vore med på å nominera fem bøker. Etter dette har ein ungdomsjury lese og diskutert seg fram til ein vinnar.

LES OGSÅ: Desse er nominerte til Uprisen

– Vinnaren av Uprisen 2012 er ei spennande bok, som appellerte veldig til oss ungdomar. Boka har eit ungdommeleg språk som mange kjende seg igjen i. Han tek opp i seg både venskapar og kjærleik. Dette er to tema som alltid er aktuelle for oss. Korleis vennskapen mellom hovudpersonane utviklar seg, og korleis dei viser samhald, er både inspirerande og morosamt, heiter det frå juryen.

Juryen trur mange av dei som las vinnerboka vart positivt overraska. Ein del av elevane var nok noko negativt innstilte til boka då dei skulle starta på ho, men vart raskt riven med av den spennande historia. Dette er ei bok alle kan seia dei ville tilrå til andre ungdommar.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Vann for debutboka
Terje Torkildsen vann i 2009 prisen for debutboka Marki Marco. Dystopia III er den tredje boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå kring 14 år og oppover, opplyser forlaget.

I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor, Kristine og Deepika komme til Belgia. Utmatta etter vandringa gjennom det katastroferamma landskapet, finn dei til slutt ly i slottet til markien av Moulindam. Men ikkje før dei har komme seg i hus, begynner dramatiske ting å skje:

Kokka blir funnen drepen, og det er uråd å få tak i hjelp ettersom telefonen ikkje verkar. Det blir opptakten til eit klaustrofobisk drama i rein cluedostil, der den eine etter den andre blir mistenkt, og fleire liv går tapt på vegen. Og midt i det heile skjønar Kristine at ho er gravid, og den elles så tøffe jenta balanserer på grensa til kva ho kan tole.

Les bokmelding av Dystopia III på Magasinett.no her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36
ANNONSE