Spenning før offentleggjeringa av draumestipend
Onsdag 6. juni blir det offentleggjort kven som får Drømmestipendet 2012 til Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. 497 unge kulturutøvarar er nominert.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Støttar unge draumar
For niande året på rad deler Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping ut éin million kroner til hundre enkeltpersoner og grupper.
6. juni blir det, på nettstaden drommestipendet.no, offentleggjort kven som får stipend.
290 kommunar har nominert til saman 497 kandidatar.
Dei unge utøvarane som blir tildelt draumestipend kan uttrykkja seg innan kulturuttrykk som dans, musikk, skapande skriving, sirkus, teater og visuell kunst.
– Det er svært positivt at det blei rekordmange nominasjonar. Og alle dei nominerte er vinnarar, og fortener merksemd, seier juryleiar Tine Thing Helseth.
– Eg likar at Drømmestipendet skil seg frå reindyrka talentkonkurransar ved at det også blir lagt vekt på draumane til utøvarane. Det viktigaste vi gjer er å oppmuntra barn og unge til å tru på seg sjølve og på at ingenting er umogleg.
Ein million kroner skal fordelast på 100 mottakarar, som får 10.000 kroner kvar. (©NPK)