Menn netthandlar dobbelt så mykje som kvinner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir netthandel for menn

Det viser tal frå ein e-handelsrapport frå Tollpost Globe og PostNord. Rapporten er basert på over 5000 telefonintervju med norske, svenske, danske og finske forbrukarar.

Samanlikna med dei andre nordiske landa var det Noreg som brukte mest pengar på netthandel i snitt per innbyggjar. Det kan kome av at både lønningar og prisar er høgare i Noreg enn i dei andre nordiske landa.

– Nordmenn er moderne, og flinke til å ta i bruk ny teknologi. Vi har omfamna nettet som kjøpskanal. Samtidig bidreg den desentraliserte busetjingsstrukturen vår til auka nettbruk, seier marknadsanalytikar i Tollpost Globe, Kristin Anfindsen.

Norske menn brukar mest pengar på netthandel, og handla i snitt for totalt 9 512 norske kroner på nett i året. Til saman brukte norske forbrukarar 22 milliardar norske kroner på å kjøpe produkt på nettet i 2011, og menn brukte dobbelt så mykje som kvinnene. Summen er ein auke på 30 % på tre år.

– Halvparten av alle nordmenn kjøpte produkt i utanlandske nettbutikkar, truleg fordi få verkeleg store e-handelsfirma er etablert i Noreg og for å unngå høge prisar i heimlandet, fortel Anfindsen.

Dei vanlegaste varene å kjøpe via internett er heimeelektronikk, så kjem klede, sko og bøker på delt andreplass. (©NPK)