– Eg er stolt, seier Stian Ersvær som tok bronse i OL i filosofi.

mm

 

Meisterskapen vart skipa til i Oslo 16.-20. mai. Stian er elev ved Bergen handelsgymnasium og russ i år. Nærmare 100 deltakarar frå 38 land frå heile verda var kvalifisert til å delta i OL. Kvart land hadde to deltakarar, bortsett frå Noreg som vertsland som fekk ha med 10 deltakarar. Stian er svært glad for bronsemedaljen.

Vanskelege oppgåver
– Det var vanskelege oppgåver vi fekk. Vi skulle skrive eit essay ut frå sitat frå fire filosofar. Vi hadde ikkje lov å bruke hjelpemiddel og visste heller ikkje kva vi ville bli spurt om på førehand. Så essayet måtte eg skrive der og da ut frå det eg visste. Men eg var heldig og fekk eitt til to tema som eg visste nok om til å skrive ei god oppgåve, seier Stian Ersvær til Hordaland.no.

Han fortel vidare at han er interessert i alle typar samfunnsfag.

– Eg likar politikk, filosofi og samfunnskunnskap. Økonomi- og realfag er eg ikkje så interessert i. Dei to siste åra har eg hatt historie og filosofi som valfag.

Kvalifisering
Deltakinga i OL i filosofi var tredelt. Det starta med The Baltic Sea philosophy event i november i fjor. 

– Her var det deltakarar frå mange land, og konkurransen var og kvalifisering til NM i filosofi.

I konkurransen skreiv Stian eit essay, fekk bronse og vart best av dei norske i konkurransen. Dei 10 beste gjekk vidare til NM i mars i år.

Første norske OL-medalje
Til NM skreiv Stian eit nytt essay og tok 2. plass. Gullet gjekk til ein elev frå Stavanger. Dei 10 beste i NM fekk delta i OL.

– I OL i Oslo skulle vi skrive eit essay, basert på eitt av fire tema. Essayet måtte eg skrive der og da ut frå det eg visste. 

Stian fekk både medalje og diplom i premie. Dette er den første medaljen Noreg tar i OL i filosofi. Det første OL gjekk av stabelen i Bulgaria i 1993. Noreg har vore med kvart år sidan 2005. Meisterskapen blir skipa til av den ideelle organisasjonen International Philosophy Olympiad (IPO) som har hovudkvarter i Bulgaria.

Til hausten har Stian planlagt å studere ved Universitetet i Bergen.

– Eg har søkt på faget utviklingstudium. Det går på bistand og utvikling i den tredje verda, men eg vurderer og å studere filiosofi.

Døropnar
For Stian var deltakinga i OL ei god oppleving.

– Det var både hyggjeleg og sosialt. Eg vart kjent med mange ungdommar. Når vi er så mange samla med felles interesse innan filosofi, så er det ein døropnar til å bli betre kjent. Eg opplevde og at verda er ganske liten. Eg bur i Fyllingsdalen og hamna på eit firemannsrom med ein polakk som hadde budd to månader i Fyllingsdalen. Sjansen for eit slikt treff er vel ganske liten, seier Stian Ersvær.

Meir om OL i filosofi med bilete av alle deltakarane og frå premieutdelinga!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

ANNONSE