cocktail sticks

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

det er skummelt å forlate toro-supper og geisha-grautris, 54-bussen er så trygg og god og det er aldri lenger enn ein ekspressbuss å komma seg heim. dessutan pratar dei mange rare språk i utlandet. slike vil eg råde til å fara til england.

det fine med å vera norsk her er at det er akkurat passeleg annleis. ting er akkurat nok på skeive i forhold til heime til at ein kan tenkje at ein gjer noko nytt og spennande utan at det blir for dramatisk. ta vêret; det er noko varmare her og regnar meir (med atterhald til eventuelle kystvestlendingar som måtte lesa dette), men elles er det mykje det same som heime, oftast overskya og alltid kald vind. eit lite atterhald må ein likevel ta, for medan me i noreg er vane med å handtere relativ store snømengder set britane heile samfunnet på pause berre det legg seg ein inch eller to inni byane. dette er fascinerande for nordmenn å observere, og ikkje til hinder for trivselen i det heile, tvert imot.

når det gjeld maten, er dei norske og engelske tradisjonane rimeleg like; det er traust og grå bondekost det går i, lite krydder og mykje salt, og meir eller mindre ueteleg for andre enn dei som har vakse opp med det. ergo lever dei fleste her, som heime, på maten framande har teke med seg opp gjennom; kebab, pizza og pasta, kinesisk, meksikansk og så bortetter. den mest nemneverdige skilnaden er at britane har fish & chips, og det kan ein få servert så tett at ein knapt rekk å gjera seg ferdig med ein fisk før ein lyt ta til på neste. det er òg umogleg å få tak i eit vanleg stykke kvit fisk på mange matbutikkar her, fordi butikkane allereie har smurt dei inn med brødsmolar, så ein kan laga fish & chips heime òg. men sidan fish & chips heldigvis er ganske godt, er dette òg rimeleg uproblematisk. og er du heldig med puben kan du få betre ertestuing enn med kjøtkakene på kaffistova heime.

som folkeslag liknar britane mykje på vestlendingane; noko inneslutta og tråe, men stort sett godlynte. dei kan vera ubehagelege når dei er fulle, spesielt viss du ikkje ser heilt ut som dei, men så lengje du toler å høyre framande menn diskutere dei seksuelle preferansane dine ein gong i blant, går det stort sett bra. for tidi er dei uansett så opptekne med dronningjubileet og olympiaden (prioritert rekkefylgje!) at dei sjeldan tenkjer på anna, med unntak av at polakkane stel alle jobbane deira og dessuten helsetenestene.

eg skal prøve å sirkle inn på poenget her, som er rimeleg enkelt: sjølv når det er mykje som er annleis og uvant, lærer me oss teknikkar for å takle det. viss ein fyrst torer å ta steget og flytte, ordnar truleg resten seg etter kvart. for sjølv om dei ikkje har tannpirkarar på butikken her, kan eg kjøpe ein boks med «cocktail sticks». dei er litt tjukke, men gjer nytten.

først publisert på magasinett.no!