Stein Torleif Bjella heidra med Bendikprisen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bendikprisen til Bjella

– Årets vinnar har skapt eit heilt eige univers med tekstane sine. Vinnaren fokuserer på norske tekstar og skaper eit unikt nærvær hos lyttaren med dei sterke tekstane sine og den lune humoren sin. Songane handlar ofte om små og store menneskelagnader utanfor allfarveg. Artisten og tekstforfattaren er ein moderne mann kledd i visedrakt som heile tida tek tida å pulsen, seier Harald Sommerstad, styreleiar i GramArt, interesseorganisasjonen for norske artistar, som kårar vinnaren.

Dei andre nominerte var: Jarle Bernoft, Katzenjammer, LidoLido og Donkeyboy.

Stein Torleif Bjella (fødd 1968) debuterte som soloartist i 2009 med albumet Heidersmenn som ble produsert av Kjartan Kristiansen fra Dum Dum Boys. For albumet blei han nominert til Spellemannprisen 2009 i klassene viser og tekstforfattar. I 2011 følgde Bjella opp med det kritikarroste albumet Vonde visu og har vunne blant anna Spellemannsprisen i kategorien Viser, Målprisen og Prøysenprisen for musikken sin.