Jentene best i sveising

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heilt fantastisk. Eg har jobba hardt og køyrt på desse tre dagane. I dag er sølv like godt som gull, jubla Hayes frå Lindås som jobbar på Framo Flatøy.

– Eg finn ikkje ord, seier Chen, som etter å ha tatt i mot pokalen skreiv ei tekstmelding til venninna si.

– Eg skriv at eg vann. Eg hadde ikkje trudd dette, seier Hui Chen som opphavleg kjem frå Kina, men har budd i Noreg i snart sju år.

Dei siste to åra har ho jobba på Aibel, og dette var hennar første NM.

Dei to, som begge stilte i eliteklassen var dei einaste jentene som har vore i sving under noregsmeisterskapen, som blei avvikla på Stord. I skuleklassen var det 14 deltakarar, men ingen jenter.

– Eg er eigentleg ikkje overraska, seier Lars Eide, adm.dir. i Kværner Stord.

– Dette er ein objektiv konkurranse og dei vinn heilt fortent, seier Eide som håper at sigeren kan gjera at fleire jenter vel å satsa på faget.

Nathalie Hayes legg ikkje skjul på at ho synest det var ekstra gøy at det var to jenter som slo til.

– Nå må gutane passa seg, seier 20-åringen.

Høgt nivå
Lars Martin Teigen frå STX Grenland Industrier i Telemark tok tredjeplassen bak jentene. I skuleklassen var det Varin Rygh frå Ole Vig vidaregåande skule i Nord-Trøndelag som trekte det lengste strået. Han blei følgt av Ole Henning Traaserud frå Lunde vidaregåande skule i Telemark og Anders Ibsen frå Glemmen vidaregåande skule i Østfold.

– Det var ekstremt jamt i teten og nivået var høgare enn ein har sett tidlegare, seier Lars Eide.

Les saka i Sunnhordland!