Å få born mens du studerer kan vera ei betre investering enn reine studiepoeng. Kombinasjonen born og student kan opna karrieredører.

Guro Havro Bjørnstad, Universitas
Guro Havro Bjørnstad, Universitas

– Et fint no, Ronja! Du vil vel ikkje at journalisten skal skriva i avisa at du ikkje kan eta skikkeleg?

Ronja ser lurt på mor si, tar skeia med tomatsuppe roleg opp til munnen, for så å snu den slik at all suppen renn ned på snikkerbuksa si. Ronja skrattler og fniser, mens mora ser alvorleg på henne. Ester Rønsen er 22 år, går på internasjonale studie på Universitetet i Oslo (UiO), og er aleinemor for Ronja på to og et halvt. På Enerhaugen studenthus på Tøyen er det middagstid.

– Om du ikkje oppfører deg ordentleg får du ikkje bli med på forelesingar på ei stund, seier Ester.

Bleieskift, våkenetter, grinete born, og gulp på ei nyvaska skjorte. Slutt på fyll midt i veka. Det å få born mens ein studerer blir av mange sett på som lite freistande. Ein skal fyrst leva livet, studera, få gode karakterar, så skal ein få fast jobb, familie og born. Vennane til Ester tenkte på same måten då ho fortalte at ho var gravid.

Ester meiner derimot at det å få born så tidleg er eit sjakktrekk. Born kan også nemleg vera cv-mat.

– Eg ser at eg kan vera meir attraktiv for arbeidsmarknaden enn andre som ikkje har born. Eg klarar å studere og samtidig ha ei dotter, og eg fullfører på normert tid. Om eg eventuelt får fleire born veit eg mykje om korleis det er, og viser ein arbeidsgivar at eg ikkje treng lange permisjonar, seier ho.

Erlend Emil Holmsen, seniorkonsulent i hovudjegerfirmaet Headhunt, meiner at det å få born tidleg er positivt. Er du er 27 år og allereie har born, tar det seg betre ut på eit jobbintervju enn om du er 27 år utan born. Ein arbeidsgivar vil helst sleppa sjukemeldingar, permisjonar og amming på jobb.

– Sjølv om arbeidsgivarar ikkje har lov til å spørra om personlege saker som til dømes graviditet, så skjønnar ein oftast om vedkommande har born eller ikkje. Ofte opplyser dei som har born at dei allereie har fått born, og brukar det som ein positiv ting i høve til arbeidet dei søker på. Det har definitivt ein verdi, fortel Holmsen.

Sjå biletserie! (Universitas)

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) si levekårsundersøking hjå studentar frå 2005, har heile ein av fire (23 prosent) studentar born. Men det er ikkje dei yngste som utgjer denne statistikken – hjå dei under 25 år er berre to prosent foreldre.

– Alle ventar til dei er 30, men det er neppe fordelaktig. Hjå nokre kundar opplever eg at ein stiller sterkare i jobbintervju om ein er ferdig med born, seier Holmsen.

I leilegheita over Ester og Ronja sitt Johannes og ser på barne-tv. Johannes er 19 månader gammal. I dag har han feber, og mor hans, Tonje Levernes Solberg, er heime med sjukt born.

Då Tonje fekk Johannes var ho 25 år og sosialantropologistudent. No studerer ho norsk som andrespråk, eit eittårsstudium ho er ferdig med til sommaren.

– Ein er meir fleksibel når ein er student enn når ein har fast jobb. Eg har i tillegg blitt mykje meir strukturert av å bli mor, eg gjer ting fortare og konsentrerer meg betre. Når eg har lesetid, så har eg lesetid, fortel ho.

Økonomien til Levernes Solberg-familien er god, mykje på grunn av at sambuaren Øyvind har full jobb som sivilingeniør. Tonje trur at det hadde vore vanskelegare om Øyvind hadde vore student han også.

For sjølv om det i dag er ei rekke økonomiske støtteordningar for studentar med born, kan det likevel vera hardt å få endane til å møtast. Ein får ikkje studielån i sommarferien, ein må setta seg inn i ei rekke ordningar og det er køar på både studentboligar og studentbarnehagar.

Dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita og tidlegare utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet meiner ein må gjera noko med at folk får born seint.

– Å gjera det meir attraktivt å få born som student kan vera positivt både for samfunnet og for enkeltindivid. Dei biologiske vilkåra kvinner har seier til dømes at kvinner burde få born tidlegare enn det som har blitt trenden i dag, seier ho.

Folkehelseinstituttet åtvarar nemleg kvinner om å få born for seint. Sidan 1970 steig alderen på fyrstegongsfødande, og i 2005 nådde Noreg ein topp på 28 år. Trenden no ser derimot ut til å gå andre vegen, og alderen på fyrstegongsfødande har byrja å gå ned. Bortsett frå i Oslo. Der er alderen på fyrstegongsfødande framleis 30 år.

– Ein treng ein større arbeidstropp i Noreg, og ein av dei tinga ein kan gjere for å få bukt med det er å gjera det meir attraktivt å få born under studietida. Ulike tilbod til studentforeldre kunne ha gjort at kvinner får born tidlegare. Det ville vera ein fordel for samfunnet, og også for mange kvinner, seier Clemet.

Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik meiner derimot at studentar ikkje skal måtta ta omsyn til karriere i samband med graviditet. Lovendringa frå 2010 som seier at arbeidsgivarar ikkje har lov til å spørra om verken graviditet eller foreldrepermisjon, var meint å eliminere nettopp denne typen problemstillingar.

– Diskriminering på grunn av graviditet og foreldrepermisjon er det me får inn flest saker på, sjølv om reglane har blitt innskjerpa. Me får også fleire og fleire henvendingar frå menn som blir diskriminert i samanheng med foreldrepermisjon. Eg forstår mange studentar si bekymring, men samtidig er det ein situasjon der lova er på deira side, seier ho.

LES OGSÅ: Barn vil ikkje hjelpa foreldre

Ørstavik meiner at det at studentar tar slike omsyn viser at arbeidslivet heng etter. Informasjon ut til både arbeidstakarar og arbeidsgivarar meiner ho er vegen å gå for å få bukt med eit slikt problem.

– Det held ikkje med ei lov aleine, arbeidslivet må i endå større grad tilretteleggast betre. Ein må forstå at om ein lar vera å tilsetje unge menneske i fertil alder vil ein gå glipp av mange viktige og gode folk, fortel ho.

Ludvik på 2 år og 8 månadar blir henta i studentbarnehagen Bamsebo av mor hans Marianne og den fire veker gamle broren Eilif.

– Er du ikkje trøtt, Ludvik? spør Marianne mens ho legg alt til rette i vogna for at han skal få sovelysta over seg. Men det er ikkje Ludvik interessert i.

– Nei! svarar han bestemt, mens han småspring rundt vogna. Lesedagen til Marianne er over.

Marianne var 25 år då ho fekk Ludvik. I desember skal ho levera masteren sin i sosiologi, mens sambuaren Ferdinand har eit stipendiat ved same fakultet. Heile familien er på Blindern.

Til tross for fordelane det kan gi å vera gravid i studietida, åtvarer Marianne om få born for tidleg i studieløpet.

– Det å få born mens ein studerer kan føre til at ein ikkje får relevant arbeidserfaring ved sida av studia. Eg fekk Ludvik då eg var 25, og då hadde eg allereie fått relevant erfaring frå ulike verv og jobbar. Eg hadde også vore på utveksling i USA, eg hadde fått kjent litt på det å vera fri og student, og gjort dei tinga eg ynskja, fortel Marianne.

LES OGSÅ: Mammaliv

Marianne meiner difor at det burde vore gjort meir attraktivt å få born seint i studieløpet. I dag er det er lett å hamna utanfor ulike støtteordningar om ein ikkje planlegg godt.

Ho meiner likevel at det at ho har fått born mens ho studerer lovar godt for hennar framtidige karriere.

– Det å kunna konsentrera seg om jobb og karriere i staden for å bli avbroten av barselsperiodar og liknande er positivt. Men samtidig kan ein til dømes ikkje jobba like mye overtid som andre, ein må henta ungar i barnehagen tidleg og ein har knapt med tid på ettermiddagen. Men det seier jo også noko om at ein er arbeidsam, fortsett ho.

Marianne skjuler ikkje at ho har fått to born. Ho brukar det heller som ein positiv ressurs.

– Eg skriv på CVen min at eg har fått to born, eg! seier ho.

På Tøyen går praten mellom mor og born raskt. Ester og Ronja pratar og tullar, og tomatsuppa går trygt inn i munnen til Ronja.

– Av og til føler eg meg meir som storesøstera hennar enn som mor hennar, seier Ester og ler.

Å ha omsorg for eit lite born er ikkje venstrehandsarbeid, og særskilt ikkje om ein er einsleg forsørgar. I SSBs levekårsundersøking hjå studentar frå 2010, sa 11 prosent av einslege forsørgarar at dei ofte kjenner seg einsame, mot to prosent hjå einslege utan born. Ifølge undersøkinga er dei også utsatt for meir negativt stress.

Ein treng stå på-vilje for å kunna gjennomføra det, meiner Ester. Studiekameratane hennar har tid til relevant deltidsjobb, dei har meir tid til å vera sosiale og får dermed eit nettverk rundt seg.

– Me lever ganske spartansk, det går akkurat. I fjor hadde eg tre deltidsjobbar, som vart vanskeleg å oppretthalda på grunn av Ronja, fortel ho.

Ester er altså ikkje den som slit flest kafé- og kantinestolar med vener.

– Utan hjelp av foreldre og sysken hadde eg ikkje hatt tid til alt eg skulle, seier ho.

Ester ser positivt på framtida, men er bekymra for korleis ho skal få økonomisk hjelp til å kunna fullføra masteren i internasjonale studie. Som aleineforsørgjar får ho no overgangsstønad frå NAV, men den stønaden får ho berre i dei tre åra ho tar bachelorgrada si.

– Eg trur det er ein logisk brist i systemet. Før kunne ein få denne stønaden uansett kva ein gjorde, men på grunn av utnytting av systemet må ein no vera i aktivitet. Det at ein må vera i aktivitet er bra, men problemet ligg på at definisjonen av aktivitet, og då naudsynt utdanning, er uklår, fortel ho.

Psykologi og juss-studentar får støtte alle åra, mens når ein studerer internasjonale studie er det berre tre år med bachelor som vert rekna som naudsynt utdanning.

– Eg vil ta ein master, ein bachelor er ikkje godt nok til å konkurrere om jobbane som treng høgare utdanning. Eg håpar det eg ser på som ein logisk brist blir ordna opp i snart, seier ho.

Ester vil nemleg til Afrika for å «redda verda», ho vil jobba med kvinner sine rettar og likestillingsproblematikk i Kenya. Helst.

– Ronja må førebu seg på å bli med ut i verda. Ho må nok bli med på fleire forelesingar og jobbar opp gjennom åra, seier ho og ler.

Les saka i Universitas!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36
ANNONSE