Mykje hoggorm i sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er svært mykje no. Det har vore ein mild vinter, og det har gjort mykje for at han ikkje frys i hel, seier veterinær Hermod Nilsen til NRK. Han har studert hoggorm i meir enn førti år.

Han håpar likevel at folk ikkje sluttar å gå i skogen sjølv om dei er redde for hoggorm. Men det kan vera lurt å lytta til gode råd, meiner han.

– Skal du ut og plukka bær, så bør du ha på deg gummistøvlar. Ha gjerne med bærplukkar og tramp godt i bakken før du set deg i ei tue, oppmodar Hermod Nilsen.

Kommuneoverlege Jens Espeland i Fredrikstad meiner frykta for hoggorm er overdriven og at eit hoggormbit sjeldan er dramatisk.

– For dei fleste er det ikkje noko problem. Det er eigentleg liten grunn til å frykta at det blir dramatisk, seier han.

Folk som får ein kraftig reaksjon må derimot reagera raskt og ringja 113. Barn og gravide må også rett til sjukehus dersom dei blir bite av hoggorm. (©NPK)

Kort film om hoggorm: