Statsreligionen er dau, lenge leve Folkekyrkja!

Dan-Raoul Husebø Miranda
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lenge leve Folkekyrkja!

Kva er eigentleg statskyrkjeforliket? Eg vil prøve å svare på det så tydeleg eg kan:

Kyrkjeforliket vart presentert 10. april 2008, etter ein ganske omfattande førebuing. Alle partia på Stortinget sto bak forliket, og det var tverrpolitisk eining om at dette var vegen å gå.

Dei (større) interessante endringane er som fylgjer:
1.  Kyrkja skal få lov til å vele biskopar og prostar sjølv, ved demokratiske val.
2.  Det skal ikkje lengre vere “Kyrkjeleg statsråd” som er øvste organ i kyrkja.
3.  Kongen er ikkje lengre øvste leiar i Den norske kyrkje (Dnk)…
4.  … Men regenten må enno vere evangelisk-luthersk kristen. (Dette etter eiga ynskje. Humanistisk Ungdom (HU) (med fleire) ba kongen tenkje seg om i fjor.)
5.  Halvparten av regjeringsmedlemmane må ikkje lengre vere medlem av Dnk.
6.  Kyrkjeministeren treng ikkje lengre vere medlem i Dnk
7.  Statsreligion går ut av § 2, og folkekyrkja kjem inn i § 16. § 2 vil lyde:
“Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne.”
Og § 16 vil lyde:
“Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse. Den norske Kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forbliver Norges Folkekirke og understøttes som saadan af Staten. Nærmere Bestemmelser om dens Ordning fastsættes ved Lov. Alle Tros- og Livssynssamfund skal understøttes paa lige Linje.”
(For meir, sjå her.)
8.  (Bl.a.) § 16 sikrar Dnk ein fortsett særskilt forankring i Grunnlova.
9.  Kyrkja si organisering og liknande skal fortsatt regulerast av ei eiga kyrkjelov.
10.  Staten vil fortsatt lønne og ha arbeidsgjevaransvaret for biskopar, prostar, prestar og andre som tilsettast i kyrkjelege stillingar av kyrkjelege organ. Disse vil med andre ord fortsatt vere statstenestemenn.
11.  Finansiering av Dnk vart slik det er. Det inneber blant anna at det ikkje vart medlemsavgift i kyrkja.
12.  Forvaltningslova og offentlegheitlova skal fortsatt gjelde for lovbestemte kyrkjelege organ.
(For litt meir, så summer desse to Wikipedia-artiklane ganske godt.)

Så litt myteknusing:
“Jesus/Gud/Kristendommen er på veg ut av grunnloven!”

Nei. Jesus/Gud har aldri vore i grunnlova, og det er vanskeleg å fjerna noko som ikkje har vore der. Kristendommen har vore der i form av § 2:

“Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse. Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.”

Den nye § 2 lyder:
“Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne.”

Forskjellen her er at me går frå å ha ein statsreligion, til å ha ein kristen og humanistisk arv. Med tanke på at det er fleire ikkje-kristne i Noreg no enn kristne (ca. 35 % religiøse i figur 1.6), så er det meir i samsvar med verkelegheita, og meir inkluderande. Det sikrar au kristendommen enno ein særskilt posisjon i grunnlova.

(Må nemnast at “humanisme” som nemnt i foreslått grunnlovsendring, ikkje siktar til livssynet humanisme, men heller ideologien.)

Les heile bloggposten her.