– Me vil ha merksemd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påverka av gårdagens blokadar landet over, samla elevar frå Voss jordbrukkskule seg på Vangen for å syna seg fram tysdag morgon. Med fleire traktorar, møkavogn, ein ATV og eit sterkt engasjement av elevane fekk folk til å sperra opp augo då dei passerte Tinghuset.

Vil verta bonde
Alle elevane som møtte opp utanfor Tinghuset tysdag morgon har ynskjer og draumar om å verta bønder, men med dei utsiktene yrket har i dag, er dei ikkje lenger sikre på om dei har råd å driva.

Les òg: Bøndene førebur aksjonar

– Kven ynskjer å jobba for ei lusaløn? Eg veit rett og slett ikkje om eg har råd til å verta bonda, seier ei engasjert Marita Kjærland.

– Kvifor denne aksjonen, de er ikkje redde for at de mistar tillitt hjå folket når de vel å køyra traktor i sakte fart gjennom sentrum på den tida folk kanskje er mest travle?

Les òg: Kua fjerna frå Rådhuset

Ynskjer merksemd
– Me vil berre ha merksemd og syner på denne måten vår frustrasjon, seier Kjærland og legg til at ho føler ikkje folk har så mykje tillitt til bøndene lenger.

– Kva vil de seia om ordføraren skulle dukka opp?

– Då ville me lagt fram vår frustrasjon og bede han om å vidareformidla bodskapen vår.

Les saka i Avisa Hordaland!