Bønder tømde brødhyllene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

— Her må ein ete brød, var kommentaren ved kassa på Rema 1000 i Etne der bønder stod i kø med handlekorgene fulle av brød.

Rundt 40 bønder i Etne tok seg ein rundtur i føremiddag og kjøpte opp alt som var av brød i butikkane i kommunesenteret.

Men pølsebrødet skugga dei unna berre to dagar før 17. mai.

Det er ledd i ein landsomfattande aksjon der bøndene og bondeorganisasjonane markerer misnøya med årets jordbruksoppgjer der dei sa takk for seg og braut med staten. Også i Vindafjord er det tilsvarande brødaksjon.

Les òg: —Me vil ha merksemd

— Alle er skuffa, og no vil vi markere at det ikkje er sjølvsagt med mat i butikkane. Vi vil fortsetje i dag og i morgon, seier Vidar Sørheim, nestleiar i Etne bondelag.

Han er ikkje redd for å provosere forbrukarar som møter tomme brødhyller.

— Nokon reagerer vel, men jamt over trur eg folk har forståing for at vi er misnøgde og vil markere det, seier bondeleiaren.

Han vil ikkje avsløre eventuelle  andre aksjonar dei har i ermet i dagane framover.

Les òg: Kua fjerna frå Rådhuset

Det var 258 brød i hyllene på Rema 1000 då brødleveransen var på plass, og dei aller fleste vart kjøpte opp av aksjonerande bønder. Enkelte andre sikra seg brød på tampen då kundane vart klar over at det raskt ville bli tomt.

Dagleg leiar Jan Lysne i Rema seier at det ikkje er så mykje dei kan gjere for å sikre brød til daglege kundar i butikken.

— Vi vil helst tilby kundane brød, men samstundes har eg forståing for at bøndene er frustrerte, seier han.

Les òg: Høgre vil justere tilbodet til bøndene

Butikken venta inn ny ladning seinare i dag, slik den vanlege rutinen er.

Les saka i Grannar!