Kua fjerna frå rådhuset

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordførar fekk ku i protest

Det er bondelaga i Uskedalen og Omvikdalen, som med ku-aksjonen framfor rådhuset i morgontimane i dag, viser si avsky mot regjeringa etter brotet i jordbruksforhandlingane, og Kjetil Mehl i Omvikdalen bondelag varslar nye aksjonar utetter veka.

– Det er regjeringa vi er steikande galne på, og i så måte er det Ap som er den store stygge ulven. Sidan vi då har Ap-ordførar i Kvinnherad fann vi det rett å retta denne første aksjonen mot ho. Difor troppa vi opp med ei ku som trong mjølkast, og parkerte ho framfor rådhuset med plakaten: «Synnøve, kan du mjølka og fora meg, eigaren min har ikkje råd lenger», fortel Kjetil Mehl.

I tillegg til «ku-stuntet» har og bøndene sperra av parkeringsplassen framfor rådhuset ved å parkera store traktorar tvers over innkøyrslene, noko som har ført til store parkeringsproblem for dei som har jobben sin på rådhuset.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

– Traktorane vert ståande utetter heile dagen, medan vi på grunn av det dårlege veret no har fjerna kua og fått ho heim på ein lun og god bås, seier Kjetil Mehl, som varslar fleire aksjonar utetter veka.

Les saka i Kvinnheringen her!