Den franske artisten og skodespelaren Soko er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Å leve no

Den franske artisten og skodespelaren som kallar seg Soko, heiter eigentleg Stéphanie Sokolinski. Ho er fødd i 1985 i Bordeaux, ein by i Sørvest-Frankrike. Då ho var fem år, døydde faren til Stéphanie av aneurisme (utviding i ei pulsåre). Denne opplevinga har i stor grad prega livssynet hennar; ho er veldig oppteken av å gjere dei tinga som er viktige for henne, fordi ein aldri kan vite kor lenge ein skal leve.

Då ho var 16 år, slutta Stéphanie på skulen og flytta til Paris for å bli skodespelar. Ho tok timar hos Eva St Paul i eitt år – etterpå begynte ho på skulen att, men fullførte aldri. I 2003 dukka ho for første gong opp på skjermen, både i kortfilmen L’éscalier og i ein episode av tv-serien Action Justice. Samtidig hadde ho begynt å spele musikk. Som musikar brukte ho det gamle kallenamnet sitt Soko, og frå og med 2008 er dette blitt det offisielle kunstnarnamnet hennar.

Rett opp, rett ned
Det musikalske gjennombrotet til Soko høyrer så absolutt til på 2000-talet. Ho vart kjend over heile Europa takka vere éin einaste song, I’ll Kill Her, som ho la ut på Youtube i 2007. Fleire bloggarar posta videoen, men det var først då vertane i det danske radioprogrammet De sorte spejdere begynte å spele songen hennar, at Soko fekk eit namn utanfor Internett. I’ll Kill Her vart ein stor hit i Danmark – seinare følgde liknande suksessar i Belgia, Nederland og Australia. Songen, henta frå Not SoKute EP, hamna også på norske, amerikanske og franske hitlister.

I oktober 2007 vart Soko sin musikk brukt i eit moteshow av Stella McCartney; same haust bad M.I.A. henne om å vere oppvarmar på turnéen sin. I 2008 spelte ho på haugevis av festivalar rundt om i Europa og i heimlandet. I januar 2009 står det på myspace-sida hennar: «Soko is dead».

Men Soko var ikkje død, ho hadde berre fått ein kraftig overdose av musikkindustrien. Og songen som alle forbatt henne med, likte ho ikkje eingong. Det var dermed tid for eit kvileår. Deprimert og søvnlaus flytta Soko til Los Angeles for å finne litt sol.

Ein franskmann i Los Angeles (eller rettare sagt ei kvinne)
I filmbyen hamna ho raskt i eit kreativt miljø; laga kortfilmar med Spike Jonze og jamma med Warpaint. Mot slutten av 2009 stod Soko opp att frå det metaforiske dødsriket, og restarta arbeidet med debutalbumet. Ho vart mellom anna kjend for sine langvarige liveshow, og då ho forlet Los Angeles våren 2011, vart det arrangert farvel-konsert for henne.

Då hausten kom det året, sleppte Soko sin første singel på over fire år. I Thought I Was An Alien var første smakebit på albumet med same namn. Det dukka opp i butikkane i februar 2012, og inneheld 15 songar, skrivne og spelte inn i Frankrike, Storbritannia og USA. Musikken blir for eksempel kalla lo-fi-pop, og songane blir skildra som forelska, bedratt, oppskaka. Sjølv seier ho seg inspirert av folk som Daniel Johnston og Leonard Cohen.

Elles held Soko framleis på med film; i 2012 har ho hovudrolla i Augustine, og i 2010 vart ho nominert til César (franske Oscar) for rolla si i À l’origine.

Først publisert i Norsk Barneblad

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

Kommentarar

ANNONSE