Bruken av sykkelhjelm aukar

Over halvparten av alle syklistar brukar no hjelm. Det er fleire enn nokon gong før, viser nye tal.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siste teljing av sykkelhjelmbruken blei gjennomført av Statens vegvesen i juni 2011 og viser at 51 prosent av alle syklistar brukar hjelm. Aldri før har så mange syklistar verna hovudet, og berre sidan 2008 har hjelmbruken auka frå 35 prosent.

– Det er svært gledeleg at over halvparten no brukar hjelm, seier direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk. Ho håpar det kan oppstå litt gruppepress når det vanlegaste blir å sykla med hjelm, og ikkje utan.

Tala viser at menn er flinkare til å bruka hjelm enn kvinner (53 prosent mot 48 prosent), og at ungdom mellom 12 og 17 år er dårlegast, med 43 prosent. Nordlendingane er flinkast i landet, heile 63 prosent av nordlendingane nyttar sykkelhjelm.

Mellom 4.500 og 5.000 syklistar må ha legebehandling kvart år etter ulykker. Bruk av hjelm reduserer risikoen for skade med 60– 80 prosent. (©NPK)