– Boka kunne blitt mørkare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hovudpersonen i boka Gintaras er snart ferdig med vidaregåande. Det er berre månader igjen. Han er interessert i Aidas frå parallellklassen, ein annan gut. I Litauen er dette uakseptabelt. Dei to gutane blir observert saman på ein utestad. Etterpå blir månadene som står att ei stor prøve. Ein lærar tek affære. Han ringer mora til Gintaras, og fortel at Gintaras er sjuk – at han er homofil.

Thomas-Nicolai Gjerpen Hansen har nettopp gjeve ut romanen Ginteras på forlaget Publica. Hovudpersonen i boka flyttar til Noreg for å kjenna seg trygg. Boka illustrerer at det ikkje berre er økonomiske grunnar til at folk flyttar vestover frå Aust-Europa.

Kvifor skreiv du boka?

– Eg fekk inspirasjon til boka ein gong eg gjekk tur i ein av dei verkeleg store parkane i Vilnius i Litauen – Vingisparken. Det var i mars 2009. Eg ville heim til hybelen min snarast mogleg for å begynna skrivinga. Likevel fant eg ikkje ei form eg treivst med, så eg la arbeidet bort. Først i januar i fjor kom inspirasjonen tilbake. Eg tenkte då å skriva ei kort historie, men eg skjønte at dette kunne vera ein roman. Ideen var først mørkare enn boka til slutt blei.

Trur mange kan kjenna seg igjen
– Ideen til boka gav meg høve til å skriva ein roman som både tok opp alvorlege tema, som også kunne verka spennande. Eg hadde også ønskje om å skapa interesse for Litauen, som eg synest er eit veldig interessant land. Samtidig var det også viktig å visa kor hard situasjonen er for homofile i landet. Det er også vanskeleg i mange av nabolanda. Kort sagt i dei fleste av dei aust-europeiska landa, med nokre unntak, som Slovenia og Tsjekkia som er meir liberale.

LES OGSÅ: Homoforkjempar får Raftoprisen

– Hovudpersonen, Gintaras, slit også med usikkerheit og problem som mange norske unge nok også kan kjenna seg igjen i. Då eg var ung fann eg mange skjebnar eg kunne kjenne meg igjen i, i bøker. Det er mykje det er naturleg å skrive om, men vanskeleg å snakka om, kanskje spesielt for gutar. 

Har du blitt kjent med nokon i Litauen som har opplevd noko liknande opplevingane til Gintaras, som du skriv om i boka?

– I boka er det også fysisk vold. Eg har ikkje personleg snakka med nokon som har opplevd fysiske angrep på grunna av si legning. Likevel skjer det. Eg har prata med mange som ønskjer å flytta frå landet for å skapa seg eit betre liv.

– Når samfunnet er veldig konservativt eller intolerant fryktar folk å bli oppdaga. Det gjer også at det er vanskeleg å ha seriøse forhold. Ein blir vant til å skjula seg, og til å ha hemmelegheiter. Det er dessutan eit ekstra usikkerheitsmoment å vera to. Ein veit ein sjølv kan skjula seg, men kva om partnaren røpar noko? Det er få opne homofile i Litauen, og få tør å kjempa ein aktiv kamp for rettar. Generelt sett er det ikkje vanleg å organisera seg og arbeida i grupper i landet. 

Korleis var det å bu og studera i Litauen?

– Det var spennande! Vilnius er ein verkeleg vakker by, men det er også fleire interessante stader rundtom i landet. Det er eit lite land og lett å reise mellom stadane. Litauen har ei spennande historie. I mellomalderen var det ein stormakt, noko få folk veit i Noreg i dag. Landet strakk seg frå Austersjøen til Svartehavet. Det blei også ein fristad for religiøse folk som ikkje blei aksepterte i Vest-Europa. Det blei mange jødar i Litauen. Rundt 1900 var over 40 prosent av befolkninga i Vilnius jødisk. 

Sjølv studerte han litauisk språk. Det er eit spesielt språk som berre er nært i slekt med latvisk. Det har ein særs vanskeleg grammatikk, men er også veldig regelmessig.

Universitetet i Vilnius er over fire hundre år gamalt.

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

Trur på endring i Aust-Europa
Trur du det kan bli endring i måten homofile blir behandla i Aust-Europa?

– Ja. EU og internasjonale organisasjonar legg ofte press på landa for at dei skal innføre anti-diskrimineringslovverk og respektera menneskerettar. I Litauen finst det lover mot diskriminering av homofile. Likevel finnes det også diskriminerande lovverk. Det er grunnlovsfesta at ekteskap er mellom mann og kvinne, og ei lov avgrensar høvet til å gje informasjon om homofili til mindreårige.

Litauen er allereie medlem i EU. Situasjonen er ille i Litauen, men den er nok likevel betre enn i Russland eller Kviterussland, meiner Thomas-Nicolai Gjerpen Hansen.

– Eg trur det er viktig ikkje å angripe religionen i landet, fordi folk er veldig religiøse, og ein får ikkje sympati ved å angripe identiteten til nokon.

Han meiner det er viktig å seia at det også er tolerante trekk ved kristendommen, og peikar på at homofobien er veldig intolerant og truleg ikkje ville vore like sterk om det ikkje var for den sovjetiske okkupasjonen som folk misliker sterkt.

– Då var homofili straffbart med fem år i fengsel.

LES OGSÅ: Babi i Baku: skraphomsen

Må stilla strengare krav
Thomas-Nicolai Gjerpen Hansen håpar at EU i framtida kan stille strengare krav til nye medlemsland om å respektere homofile, lesbiske, bifile og transpersonar sine rettar.

– Eg håpar også at all reisinga til og frå dei aust-europeiske landa etter kvart skal resultera i forståing for homofili. Samtidig er det viktig å påpeike at mange der trur homofili er eit nytt fenomen. Det veit vi det ikkje er. Det er det mange historiske kjelder på. Vi ser også at det som mest skaper toleranse for homofili er at folk sjølv kjenner ein homofil person. Derfor gjer alle som står fram ein stor innsats berre med det. Dei som flytter til Vest-Europa eller til andre stader kan engasjere seg på nettdebattar på morsmålet. Det er mykje som kan gjerast. 

Kjem det fleire bøker frå deg?

– Det håpar eg. Eg har heldt på med skriving sidan eg var liten, og vil truleg fortsette med det, smiler Thomas-Nicolai Gjerpen Hansen.