Her vil gjedda få støyt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her skal gjedda skremmast

I desse dagar kjem dei elektriske komponentane i fiskesperra ved Kjeldal sluser på plass. Snart kan gjedda som prøvar å finne vegen til Bandak få seg ein skikkeleg støyt. – Målet er å skremme gjedda frå å kome lenger vest i vassdraget, seier prosjektleiar Jan Petter Enger.

Etter at Direktoratet for naturforvalting løyvde pengar til fiskesperreprosjektet ved Kjeldal sluse i Lunde, blei arbeidet starta seinhausten 2011. I midten av mai skal kanalbåtane byrje turisttrafikken, og målet er at fiskesperra skal vere operativ til den tid.

– Prosjektet ser ut til å vere i rute, og i desse dagar kjem det elektriske utstyret som skal stoppe gjedda i å passere området. Det er det amerikanske selskapet Smith & Root som har levert utstyret som skal stå for monteringa. I løpet av veka håpar me den jobben er gjort, seier John

Straume i Kviteseid Jeger og fiskerforening.

Straume er også nestleiar i Telemarkavdelinga i Noregs Jeger og fiskerforbund (NJFF Telemark), og han er med i prosjektgruppa for fiskesperra.

Frå ressurs til problem
– Gjeddeproblematikken starta eigentleg alt i 1776 då det blei sett ut gjedde i Børsesjø, aust for Skien. Tanken var eigentleg god, for det var meint som næringssatsing. Børsesjøgjedda var ettertrakta mat i Kristiania, og blei fyrst og fremst sett på som ei delikatesse og ikkje eit problem slik ho på mange måtar har blitt i dag. I 1990 kom meldinga om gjeddefangst i Nomevatn, sa Straume då han sist haust informerte Vest-Telemarkrådet og Fylkesmannen om problemet.

Båe instansane beit på innspelet til Straume, og gjekk inn for å stø prosjektet.

– Bakgrunnen er at me ynskjer å ta vare på den unike storaurestamma i Bandak og sikre framtida for elvemuslingen. Kjem gjedda opp i den delen av vassdraget er me redde for at det er byrjinga på slutten for urinnvånaren, som den unike storauren er. Gjedda er ein fisk etter elvemusling, som med tanke på at han filtrerar 50 liter vatn i løpet av eitt døgn, er ein avgjerande faktor for mellom anna storauren, seier Straume.

Lokale initiativ
Alt i 2002 gjekk ivrige sportsfiskarar saman med dei lokale jeger- og fiskarforeiningane i Lunde og Kviteseid og kontakta miljøavdelinga hjå Fylkesmannen i Telemark. Lite skjedde og etter gjentekne purringar var det framleis ikkje teikn til handling frå Fylkesmannen.

– I 2005 måtte me slå fast at gjedda berre hadde att ei einaste sluse å forsere før ho var i fritt, men uynskt farvatn, seier Straume.

Same året sette entusiastane i gang med tynningsfiske, og det har gjennom åra blitt lagt ned mange dugnadstimar i arbeidet med å hindre spreiing av den glupske rovfisken.

Elles har ikkje bygginga av fiskesperra gått føre seg heilt utan reaksjonar. Manglande informasjon eller manglande til å ta om bord informasjonen kan vere årsaker til reaksjonane.

LES OGSÅ: Satsar på sluse-tv

Litt uvisse
– Me kan ikkje i dag seie eksakt kva som vil skje om folk, anten ved uhell eller at dei vil bade, er i vatnet rett ved fiskesperra. Sperra sender ut pulserande likestraum i vatnet, som skal få fisken til å føle seg såpass uvel at han snur. Korleis eit menneske vil reagere veit me ikkje, men no er ikkje akkurat området nokon badeplass. Elles må me vel slå fast at informasjonen rundt heile situasjonen både når det gjeld fiskesperra og kva eventuelt spreiing av gjedda kan føre til, ikkje har vore tydeleg nok, fortel Straume.

Det er ei tilsvarande dimensjonert fiskesperre i Sveits, men ho har ei heilt anna plassering enn sperra i Telemarkskanalen. Straume håpar at sperra vil vise seg å vere effektiv.

– Straumen skal stå på heile tida. Det blir også eit aggregat som kan drive sperra om det skulle oppstå straumbrot. Elles er det mange som fylgjer spent med på prosjektet vårt. Fiskesperrer kan heilt sikkert vere aktuelt mange andre stader også viss ein ynskjer å stoppe uynskte gjester, og då meiner eg fisk altså, smiler Straume.

LES OGSÅ: Er dette sjøormen?

– I går blei det normal vassføring her att, og no står det berre att sikringsarbeid og dei siste tilkoplingane før me kan setje sperra i drift. Det skjer i samband med at slusene opnar for trafikk, seier prosjektleiar Jan Petter Enger.

Rosar Statkraft og SD Cappelen
Straume ynskjer å rose nokre av aktørane i arbeidet med å stoppe gjeddas vidare ferd vestover.

– Eg må gje honnør til Statkraft som har gått inn med pengar for å leggje forholda til rette. Eg ynskjer også at SD Cappelen, ein av grunneigarane i området, får sin velfortente ros. Me må nok til ein viss grad slå fast at nokre av grunneigarane har vore i overkant fråverande i prosessen, og eg skulle ynskje dei var like opptekne av å forvalte fiskressursane som det SD Cappelen er, slår Straume fast.

LES OGSÅ: Kongeørn til åtak på bonde

– Kva med småbåttrafikken?

– Alle som ferdast på kanalen bør vere utstyrt med redningsvest. For å seie det slik så er det nok atskillig fleire og større farar på kanalen enn fiskesperra, svarar han.

– Men sjølve gjedda har du ikkje noko imot?

– Aldeles ikkje, men eg vil ikkje ha ho lenger vest i vassdraget. Gjedda er ein fantastisk fisk å fiske, og er ein god matfisk. For meg er det likevel eit enkelt val om det står mellom å fiske gjedde eller storaure i Bandak. Auren vinn, smiler Straume, som sjølv har gjedderekord på 5.5 kilo, medan aurerekorden er på 6.2.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!