Vår felles framtid

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det var då også på høg tid, sidan det berre er seksten månader til det er val.

Og mykje er klart:

Arbeidarpartiet vil helst regjere vidare saman med dei to partia dei regjerer saman med no, SV og Senterpartiet. Det same vil SV og Senterpartiet, i alle fall dersom nokon stemmer på dei. Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet er dessutan enige om at dersom nokon andre får regjere, så vil det vere det same som at FrP regjerer, uansett kven som eigentlig regjerer, og uansett kva dei som regjerer seier om saka. Og vi veit jo litt om kva dei andre seier om saka: Høgre vil gjerne ha ei regjering utan Arbeidarpartiet. For å få til dette prøver dei no å bli meir som Arbeidarpartiet. Venstre vil regjere saman med Høgre og Kristelig Folkeparti, som vil regjere, men kanskje ikkje så veldig med FrP, sjølv om dei gjerne vil snakke med FrP, som på si side vil samarbeide med alle som ikkje sitt i regjering no, men ikkje om ei regjering som dei sjølve ikkje er med i, sidan dei har prøvd dette med å ikkje vere med i regjering før, fleire gonger.

Så jadå, mykje er på plass no.

Men det er også mykje som ikkje er på plass. Kva skal til for at dei som ikkje vil samarbeide no, kanskje vil samarbeide likevel? Og kva skal til for at dei som vil samarbeide no ikkje vil samarbeide likevel? Og kva skjer om valresultatet blir heilt annleis enn alle trur, vil då andre parti samarbeide med kvarandre enn dei som seier dei vil samarbeide no? Og kven blir i så fall justisminister? Og kvifor?

Så mange spørsmål.

Det er derfor det er bra vi framleis har nesten halvtanna år på oss før det er val. For det er viktig at dette blir diskutert grundig og at alle tenkelige valresultat er gjennomdrøfta. Kva skjer for eksempel med regjeringssamarbeidet dersom Senterpartiet får 80% av stemmene i 2013? Folket fortener å få svar på alle desse spørsmåla.

For dette handlar om vår felles framtid. Dette handlar om kven som dei neste fire åra skal diskutere kven som skal sitte i regjering dei fire åra etter der igjen. Og desse diskusjonane skal på si side danne grunnlag for diskusjonar om kven som skal sitte i regjering i dei fire åra etter der igjen. For ikkje å snakke om dei fire viktige åra som følgjer etter der igjen, altså den avgjerande perioden frå 2021 til 2025. Kven regjerer då? Det veit vi nesten ingenting om. Då kan alt skje!

Men dette handlar sjølvsagt ikkje berre om kven som skal diskutere kven som skal regjere i framtida. Det handlar naturligvis også om kven som skal diskutere kven som burde ha regjert, og ikkje minst kor mykje lettare det hadde vore for dei som regjerer å regjere dersom nokon andre hadde regjert i åra før, altså no.

Dette er viktig, fordi det handlar om framtida vår. Og fortida vår, forsåvidt. Men det er også viktig her og no. For så lenge diskusjonen går om kven som skal eller ikkje skal regjere saman med kven og kvifor om kva, så hindrar vi at andre ting blir diskutert. Dette er viktig, fordi alle veit kva som skjer når politikarar begynner å diskutere saker. Det eine fører til det andre, og før du veit ordet av det så begynner dei å meine noko om desse sakene, og – i ekstreme tilfele – å gjere noko med sakene.

Det kjem det ikkje noko godt ut av.

Det har vi sett nok eksempel på. Når politikarar meiner ting eller gjer ting, då er det ein viss fare for at dei gjer noko feil. Kanskje meiner dei noko feil, men som regel meiner det det på feil måte eller til feil person eller på feil plass eller brevpapir. Feil kan det uansett bli, og alle veit at hovudsaka med å sitte i regjering er å ikkje gjere feil. Viss du ikkje gjer feil, då har du vunne.

Og får sitte i fire år til og diskutere kven som bør regjere dei neste fire åra.

Då har vi fått det til.

Først på trykk 5. mai i Aftenposten.