Her cruisar kronprinsen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

800 deltakarar og kongeleg besøk på årets utgåve av toppturfesten på Turtagrø.

Kronprins Haakon vitja i helga Turtagrø og årets High Camp.

– Me hadde ein veldig fin tur i dag, og besøkte Lauvnostind og Nordre Dyrhaugstind. Vêr og føre var supert, terrenget her oppe er heilt fantastisk, ein finn alt frå fin, slakk cruising til meir utfordrande og morosame fjellsider å køyra i, seier han til Sogn Avis.

– Å koma til Turtagrø og sjå eit slikt flott organisert arrangement er moro. Det er utruleg fint å sjå så mange dedikerte menneske samla. Det er viktig med slike arrangement som trekkjer folk til fjells slik at dei på ein enkel måte kan bli presentert for den flotte naturen me har i landet, meiner ein nøgd kronprins.

Fekk skryt
Han får gode skussmål frå erfarne skikøyrarar. Øystein U. Henjum, som var høgt til fjells på eit fotooppdrag, studerte kronprinsen då han kom i store, flotte svingar nedover fjellsida.

– Eg vart utruleg imponert. Stilen, teknikken og farten som kronprinsen hadde nedover fjellsida var heilt rå å sjå på, fortel Henjum som er på veg opp som ein av dei beste ski­køyrarane i Sogn.

LES OGSÅ: 800 på verdas største toppturfest

Sunne verdiar
Med seg til fjells hadde kronprinsen Marius Borg Høiby, sonen til kronprinsessa. Han har også fått smaken på topptur.

– Marius har ei veldig stor interesse for skikøyring, og står mykje heile sesongen. Å få med borna ut og dyrke sunne verdiar er svært viktig for oss i familien. Marius si interesse er hovudsakleg knytt til «jibbing», men han har no fått smaken på å gå lengre turar i fjellet, noko eg og kronprinsessa er svært glade for.

SJÅ BILETSERIE!

To toppar
Det var første gongen på Turtagrø og High Camp for kronprinsen. Han vart veldig imponert over både området og arrangementet. Han gjekk to gode turar på ein dag. For dei fleste held det såleis lenge med ein. Kronprinsen tok ein storeslem og to tindar.

Kronprinsen ser ikkje bort frå at det blir fleire sogneturar.

– Det freistar veldig til ei gjentaking med eit besøk til området heilt klart, eg har sett film og foto frå området før, men det er sjølvsagt noko heilt anna å besøkja det. Eg går ein del på tur, men skulle gjerne hatt meir tid til slike turar, seier den spreke kronprinsen.

Han blei grundig informert om Sogndalsdalen og Fjellsportfestivalen som han heilt klart ville sjå nærmare på.

LES OGSÅ: Har Kongen stemmerett?

Tette snøbyer
Marit Vidnes, festivalsjef for High Camp, er særs nøgd med årets utgåve av arrangementet.

– Alt har gått fint for seg, trass i nokre tette snøbyger både laurdag og søndag. Den legendariske dunjakkediscoen samla som alltid mange hundre festglade utover dei seine nattetimane. Det snødde kraftig heile natta, men det la ingen dempar på festen. Oppsummert hadde me eit knirkefritt arrangement, meiner Vidnes.

LES SAKA I SOGN AVIS!