Går inn for kommunetvang

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsmøtet til Høgre vedtok i helga å gå inn for tvangssamanslåing av kommunar.

Paul Joakim Sandøy, leiarkandidat i Unge Høgre, er nøgd:

– Dette er ein viktig siger for Unge Høgre, seier han til Framtida.no.

Noreg har, med sine 429 kommunar, fleire kommunar enn Sverige og Danmark til saman.

I ein resolusjon frå landsmøtet ønskjer Høgre at Stortinget må utarbeida eit nytt kommunekart der målet er at alle kommunar skal vera i stand til å utføra fleire oppgåve.

Partiet vil økonomisk støtte til kommunar som ynskjer å utgreia samanslåing, og gje pengestøtte til kommunesammenslåingar.

Ønskjer meir sjølvstyre
Høgre ønskjer også å avgrensa statlege krav og lovpålegg overfor kommunane. Høgre ønskjer òg å sikra ein større del frie midlar for kommunane, og tilbakeføra delar av selskapsskatten til kommunane.

– Høgre ønskjer ei kraftig reorganisering der makt blir flytta frå stat til kommune, står det i ein av resolusjonane frå partiet.

Høgre vil mellom anna starta eit uavhengig tvisteløysingsorgan som kan bidra til å løysa konfliktar mellom stat og kommune.

Eit anna forslag frå Unge Høgre, om å seia nei til valfag i ungdomsskulen, blei ikkje tatt opp på landsmøtet.